Lærarvikar i norsk, samfunnsfag og kroppsøving
Alver kommune
- Frist 2.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Lindås ungdomsskule har ledig 50% vikariat ut skuleåret 2025/26.
Lindås ungdomsskule ligg sentralt plassert på Lindås, med utsyn over Lindåsosane.
Vi har 140 elevar og 22 tilsette. Vi er ein MOT - skule.
Vår visjon er; Meistring gjennom læring, samspel og mot.
Våre satsingsområde er vurdering, lesing i alle fag, inkluderande skulemiljø og elevmedverknad.
ArbeidsoppgåverVi søker etter ein lærar med fagkompetanse i norsk, samfunnsfag og kroppsøving.
Vi har fokus på universell pedagogikk, og løyser dette med to- lærar i dei grunnleggjande faga. Det krevs høg grad av samarbeid for å løyse faglege tilpasningar til elevanes sitt beste.
I tillegg til å jobbe som faglærar er du med i skulen sitt profesjons felleskap, vi har høg fokus på inkludering, og arbeider systematisk for å nå dei måla vi har satt oss.
KvalifikasjonskravVi ser etter ein lærar med godkjent lærarutdanning, og sterke faglege og didaktiske kunnskapar. Du er ein tydeleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisninga til kvar einskild elev sine behov. Erfaring frå undervisning er ønskeleg.
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter eigenskapar som evna til å byggje sterke relasjonar til både born og vaksne. Du må være fleksibel, løysingsorientert og ha samarbeidsvilje. Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først. Din positive haldning og gode humør vil bidra inn i eit inspirerande og godt arbeidsmiljø.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.
Som lærar på vår skule får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte elevar som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt lærarteam.
Søk no og bli med på å forme våre elevar si framtid!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442510189
- Sist endret
