Lærar ved Vigra skule, vikariat
Giske kommune, Vigra skule
- Frist 5.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vigra skule har ledig inntil 100 % vikar-stilling som lærar frå snarast og ut skuleåret 2025/2026.
Vigra skule er ein 1-7 skule med 194 elevar og med ca 73 barn i SFO. Visjonen "Vi flyg saman" er samskapt av foreldre, elevar og tilsette. Den symboliserer grågåsflokken som flyg høgt og langt, øver opp leiarskap og der ein både kan støtte og utfordre kvarandre.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i hovudsak på mellomtrinnet. Kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt.
Kvalifikasjonar
- Lærarutdanning, 1-7 eller 5-10, men søkjarar med annan relevant utdanning kan og bli vurderte.
- Kompetanse på å legge til rette for gode og tilpassa læringserfaringar.
- God kompetanse i klasseleiing.
- God digital kompetanse.
- Godt norsk språk – skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Fagleg og personleg tryggheit.
- Vilje til tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollegaer og foresatte om meistring, læring og trivsel.
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
- Evne til tydeleg kommunikasjon og grensesetting.
- Vilje og evne til fleksibilitet, løysingsvilje og til å ha barn sitt beste i fokus.
Vi tilbyr
- Eit digitalt og framtidsretta læringsfellesskap.
- Vi arbeider for å skape gode læringserfaringar for elevane i eit trygt og utforskande miljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Eirik Farstad Therkildsen, avdelingsleiar, 48606703Karianne Oline Farstad, einingsleiar / rektor, +47 95080565
Arbeidsstad
Postvegen 4556040 Vigra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5055039505
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 05.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442291884
- Sist endret


