Proffselgar byggevare
Sverre Roald AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
XL-BYGG Roald søkjer Proffselgar
XL-BYGG er ei av landets største byggevarekjeder med over 90 butikker rundt om i Norge. Vår ambisjon er å vere den leiande faghandelen innan trelast og byggevarer. Kvar dag jobbar vi i XL-BYGG etter mottoet "Den hyggelege eksperten". Vi ønskjer å fokusere på det som verkeleg betyr noko når ein skal bygge - nemleg å kunne tilby kvalitetsverktøy, gode materialar og ikkje minst profesjonell og hyggeleg hjelp.
Sverre Roald AS er medlem i XL-BYGG og aksjonær i Mestergruppen og profilerer seg utad som XL-BYGG Roald. Saman med søsterselskapet RoaldHus AS har vi totalt 14 tilsette, ei nesten 80-årig historie og eit solid økonomisk fundament. Vår verksemd er trelast- og byggevaresalg samt bustadbygging. Ein av våre tilsette går over i ny stilling og vi søkjer derfor PROFFSELGAR BYGGEVARE.
Vi søkjer etter ein motivert proffselgar med godt humør og som trivast i eit til tider hektisk miljø der kvalitet og god kundebehandling vert sett i høgsete. Vi søkjer deg som gir det lille ekstra, og som skil seg ut med entusiasme og stort engasjement. Du speiler våre kjerneverdiar - Blid, Ekte og Proff, og bidreg med å forsterke verdiarbeidet i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
Salg av trelast og byggevarer
Tilbud, salg og ordrebehandling til proff- og forbrukarmarknaden
Vere rådgivar, tilretteleggar og vegleiar for kunden i byggtekniske spørsmål
Oppfølging av avtaler
Kalkulasjon av prosjekt
Fokus på marknad, igangsetting av prosjekt og nye kundar
Ønskja kvalifikasjonar og eigenskapar
Erfaring med prosjekt- og proffsalg, gjerne frå byggevarebransjen
Relevant utdanning, fagbrev som tømrar, fagskule bygg eller tilsvarande
Analytisk - avdekke kunden sine behov, fungere som ein kompetent rådgivar
Sjølvstendig, utadvendt, serviceinnstilt og ansvarsbevisst
Generelt god datakunnskap og kjennskap til digitale verktøy som hjelpemiddel
God lagspelar og gode samarbeidsevner
Flytande norsk, skriftleg og munnleg
Vi kan tilby ei utfordrande stilling der det ligg til rette for fagleg og personleg utvikling saman med engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
Meir informasjon om stillinga får du ved å vende deg til Snorre Roald tlf. 70189417.
Vi behandlar søknader fortløpande.
Ferdigheter
- Bestillingssystem
- Byggtekniske råd til kunden
- Dataferdigheter
- Norsk
- Prosjektkalkulasjon
- Prosjektsalg og salgsprosesser i byggevarehandel og varehandel
- Selge byggematerialer
- Tømrer (AMO)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Det å byggje hus er ein omfattande prosess, der ein startar med grunnmuren, og legg stein på stein. På same måten har firmaet Sverre Roald AS vorte utvikla sidan slutten på 40-talet. Det som i dag er eit velrenommert bygg- og bustadvarefirma, starta som ein liten snikkarverkstad på Vigra. Sverre Roald flytta til Gjøsund i 1957, og dreiv då med møbel-utsalg, snikkerverkstad og trelastlager.
Hus starta vi med i 1973. To år seinare vart RoaldHus ein realitet, eit hussystem utvikla og produsert av Sverre Roald AS. Etter jamn og god vekst i mange år, vart det ei stor utviding i 1979, og dagens lokalitetar tok form.
I 2002 la vi til sides det eigenutvikla hussystemet RoaldHus og meldte oss inn i HellvikHus-kjeda. Sverre Roald AS vart aksjonær i Nordek AS og medlem i trelast og byggevarekjeda BK Byggkjøp i 2003. Endra namn til XL-BYGG i 2009 og er i dag ein del av Mestergruppen.
Firmaet er idag delt i to driftsselskap og presenterer seg under profilane, XL-BYGG Roald, Sverre Roald AS, og HellvikHus, RoaldHus AS.
- Sektor: Privat
- Sted: Nørestranda 45, 6040 Vigra
- Bransje: Butikk og varehandel, Bygg og anlegg, Eiendom
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse, Rådgivning, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Proffselger, Trelast, Byggevare, Prosjektleder, Rådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383221228
- Sist endret


