Byggeleiar ferjekai
Statens vegvesen
- Frist 5.1.2026
- Ansettelsesform Fast
I drift og vedlikehald område vest har me 40 ferjekaiar som me følgjer opp. I samband med dette søkjer me etter ein person som kan styra kontraktar for drift og vedlikehald på desse kaiane. Dei er plasserte over eit stort geografisk område med Anda-Lote i nord til Hjelmeland-Nesvik i sør, så det er ein fordel at du trivst ute på vegen.
Stillinga har kontorstad i Bergen eller Leikanger. Du vil bli ein del av Vedlikehald vest 1 som har 29 medarbeidarar. Hos oss vil du bli ein del av ein hyggjeleg og kunnskapsrik gjeng - og du vil arbeida tett saman med kontrollingeniør, andre byggjeleiarar og prosjektleiarar. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og me vil gi deg god opplæring og oppfølging.
Då det ofte er lange avstandar mellom ferjekaiane vil det måtte påreknas noko reiseverksemd, nattarbeid vil og førekomme.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vera:
- Teknisk og økonomisk hovudansvar for gjennomføring og oppfølging av ferjekai kontrakt
- Sikre god forvaltning av konstruksjonar i området til avdelinga, i hovudsak for kai, men bru kan også vera aktuelt til tider
- Utarbeiding av konkurransegrunnlag for nye kontraktar
- Koordinering mot andre faggrupper, andre etatar og grunneigarar
- Planlegging av framtidig vedlikehold
- Følge opp økonomi, kvalitet og framdrift i kontrakt
- Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/ HMS-koordinator i byggefasen
Oppgåver innanfor andre fagfelt på seksjonen kan også førekomme.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter deg som har minimum treårig relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning.
Du må ha førarkort klasse B, og gode norskferdigheiter både skriftleg og munnleg. Vidare må du ha god kompetanse på IKT-verktøy. Praktisk erfaring frå drift og vedlikehald av ferjekaiar er ønskeleg, men stillinga vil også kunna vera aktuell om du har anna relevant praktisk erfaring.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber me om ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR.
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- Gode samarbeidsevner med tanke på å jobba saman med fleire interne og eksterne aktørar
- Gode kommunikasjonsevner, du kommuniserer tydeleg og effektivt
- Sjølvstendig, strukturert og trivst god i ein hektisk og variert arbeidskvardag
- Fleksibel og tilpassingsdyktig i forhold til ulike arbeidsoppgåver
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442165664
- Sist endret

