Juridisk rådgjevar 100% fast stilling
Øygarden kommune
- Frist 02.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Barneverntenesta
Vi søkjer deg som vil jobbe i ei barnevernteneste med høg kvalitet og fokus på utviklingsarbeid.
Er du:
engasjert i heilskapleg tenking kring barn og familiar
fleksibel og løysingsorientert
glad i å spele på lag og oppteken av å vere ein god lagspelar
Då treng vi deg i teamet vårt!
Om avdelinga:
Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, helsestasjon og PPT under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 60 stillingar og er inndelt i team.
I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver:
Sakshandsaming og klagehandsaming i tråd med lov om barnevernstenester
Sakshandsaming av innsynsbegjæringar
Råd og rettleiing i juridiske problemstillingar til leiarar og tilsette i tenesta
Juridisk bistand i beslutningsprosessar
Internkontroll, opplæring, rutineutvikling og avvikshandtering
Juridisk rådgivar vil ha eit fagleg fellesskap med kommuneadvokaten, i den forstand at rettleiing i utgangspunktet blir utført av kommuneadvokaten.
Arbeidsoppgåvene skal utførast innanfor fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.
Kvalifikasjonar:
Må ha: Bestått juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
Arbeidsoppgåvene føreset godt skjønn og djup forståing av juss
Gyldig politiattest ved tiltreding
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Førarkort klasse B
Relevant erfaring frå barnevern eller annan relevant forvaltningserfaring
Grunnleggjande IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar:
Du er nøyaktig og kvalitetsmedviten
Du har høg grad av respekt for menneske i vanskelege livssituasjonar
Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
Du toler høgt arbeidspress og arbeid etter lovpålagde fristar
Du evnar å jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team
Det blir lagt avgjerande vekt på kven du er som person og korleis du passar inn i personalgruppa vår.
Vi tilbyr:
Tett rettleiing frå kommuneadvokat
Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Fleksitidsordning
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer i eit godt fagmiljø
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Hege Gundersen, tlf. 934 84 846
E-post:
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Juridisk bistand
- Juridisk tjenesteyting
- Juss
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Juridiske tjenester, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
jurist, rådgiver, juridisk, barnevern
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441600470
- Sist endret



