Arbeidsleiar
Ulstein Elektro Installasjon AS
- Frist 23.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Kvifor høyrer elektrokompetanse og vedlikehald saman?
-For oss handlar det om å sikre driftssikkerheit og høg standard kvar dag, uttalar Øyvind Amdam, leiar for vedlikehaldsavdelinga i Ulstein sitt skipsbyggingsområde.
Vi søkjer difor etter ein arbeidsleiar som kan ta ansvar for planlegging, koordinering og oppfølging av vedlikehald på elektriske system og utstyr på landanlegg.
Stillinga er knytt til Ulstein Elektro Installasjon, men har ei viktig rolle for heile anlegget til Ulstein. Du vil jobbe tett med kollegaer både i Ulstein Elektro Installasjon og ved vedlikehaldsavdelinga i Ulstein Verft, og vere ein del av eit dyktig og sosialt team med fokus på kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.
Kandidatar vert vurdert fortløpande.
Ein typisk arbeidsdag
Kvardagen er variert og spanande, du vil mellom anna vere ein nøkkelperson i
- Planlegging og leiing av arbeid
- Kontroll, ettersyn og utbetring av teknisk anlegg og utstyr
- Utbetring og dokumentasjon i henhald til regelverk
Kva ser vi etter
Vi ser etter ein person med
- Fagbrev som elektrikar/elektromontør Gr. L
- Erfaring med landbasert elektroinstallasjonsarbeid
- Ønske om personleg utvikling
- Praktisk og teknisk elektrofagleg forståing
- Jobbbar like godt sjølvstendig som saman med andre
Kva kan vi tilby
Her får du ein jobb med høve til påverknad i eit miljø om verdsetter kvalitet og samarbeid.
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Ein trygg arbeidsplass med spanande utviklingsmoglegheiter
Vil du vite meir om oss?
Ta kontakt med oss i Ulstein Elektro Installasjon eller Ulstein Verft - vi fortel gjerne meir om jobben, folka og Ulstein som arbeidsstad!
FerdigheterAI-generert
- Controlling
- Dokumentasjon
- Elektrisitet
- Elektroniske systemer
- Forskrifter
- Installasjon av elektriske anlegg
- Nyinstallasjon og vedlikehold på elektro
- Servicearbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: C-nivå-leder, Elektriker, Elektronikkmontør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Arbeidsleder, Supervisor, Electro, Maintenance
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441588441
- Sist endret

