Kyrkjeverje/dagleg leiar
Volda kyrkjelege fellesråd
- Frist 19.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Volda kyrkjelege fellesråd søkjer kyrkjeverje/dagleg leiar
Er du ein erfaren, samlande og strategisk leiar som brenn for kyrkja sitt oppdrag og kulturhistoriske ansvar? Volda kyrkjelege fellesråd søkjer kyrkjeverje til ei sentral leiaroppgåve på Sunnmøre, der du får det øvste administrative ansvaret for fellesrådets arbeid, seks sokn, seks kyrkjebygg og ni gravplassar. Vi søkjer deg som vil vere drivkrafta bak ei vital og relevant kyrkje i eit levande lokalsamfunn.
Kyrkjeverja vert tilsett av og rapporterer til fellesrådet. Fellesrådsleiar er næraste overordna. Arbeidsstad er Kyrkjekontoret i Rådhusgata 6A i Volda sentrum.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som kyrkjeverje er du dagleg leiar for verksemda og har det overordna ansvaret for personale, økonomi, administrasjon, bygg, eigedom og gravplassforvaltning. Den norske kyrkja har to arbeidsgjevarlinjer, fellesrådslinja og prestelinja, og samarbeidet mellom kyrkjeverja og prosten (samleiing) står sentralt. Samleiinga skal bidra til å byggje eit godt og heilskapleg arbeidsmiljø og fremje dialog mellom fellesråd, sokn, prost og prestar.
Sentrale ansvarsområder og oppgåver vil vere:
Leiaransvar og personalutvikling: Være arbeidsgjevar for 13 tilsette og leggje til rette for god personalforvaltning og eit godt arbeidsmiljø prega av openheit og samarbeid.
Økonomistyring og ressursforvalting: Sikre god økonomistyring og framtidsretta ressursforvalting. Arbeide aktivt med å styrke dei økonomiske rammene gjennom tett og god dialog med kommunen.
Administrasjon og sakshandsaming: Førebu saker for fellesrådet og arbeidsutvalet, og følgje opp vedtak.
Eigedom, bygg og gravplassar: Ivareta seks kyrkjebygg som funksjonelle og trygge arenaer, og forvalte dei ni gravplassane i tråd med lovverk og avtalar med kommunen.
Samarbeid og relasjonsbygging: Representere kyrkja utad og byggje sterke relasjonar med kommunen og andre samarbeidspartnarar.
Din profil
Vi søkjer ein trygg, tydeleg og samlande leiar som står stødig i seg sjølv og skaper tillit. Du er strategisk, strukturert og evnar å prioritere, sjølv innanfor stramme økonomiske rammer.
Vidare ser vi for oss at du har følgjande:
Utdanning og erfaring: Relevant høgare utdanning er ønskjeleg. Du har leiarerfaring, og erfaring med personalarbeid, økonomistyring og ressursforvalting.
Kyrkjefagleg kompetanse: Du kjenner Den norske kyrkja og kyrkja sitt samfunnsoppdrag. Erfaring som tilsett eller frivillig i kyrkjeleg samanheng er ein fordel.
Organisasjonsforståing: Du har god forståing for og erfaring med å navigere i komplekse organisasjonar med fleire leiingsnivå.
Kommunikasjonevner: Du kommuniserer klart og tydeleg, både munnleg og skriftleg , og du handsamar nynorsk som målform. Du er open, samarbeidsvillig og har gode kommunikasjonsevner.
Leiarstil: Du motiverer og byggjer gode relasjonar. Du har evne til å finne løysingar, tek ansvar og har blikk for utvikling.
Kvifor kyrkjeverje i Volda?
Du får moglegheit til å utvikle og forme kyrkja si rolle som ein open, inkluderande og relevant aktør i lokalsamfunnet.
Du blir del av eit engasjert og kompetent fagmiljø med dyktige tilsette og frivillige som brenn for kyrkja sitt oppdrag.
Du får arbeide i ein organisasjon som set samarbeid og eit godt arbeidsmiljø høgt.
Du får tilgang til kurs og møteplassar i regi av Hovudorganisasjonen KA.
Du får kontor i trivelege lokale i Rådhusgata 6A i Volda.
Vi tilbyr løn med utgangspunkt i avtaleverket for kyrkjeleg sektor (Hovudorganisasjonen KA) og gode pensjons- og forsikringsordningar. Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja og kunne leggje fram politiattest. Du må vere innstilt på noko arbeid utanom ordinær arbeidstid.
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Du kan søkje om unntak frå offentlegheit. Dersom unntak ikkje kan gjevast, får du høve til å trekkje søknaden din.
Søknadsfrist: 19. januar – Søknader vert vurderte fortløpande.
Ynskjer du meir informasjon om stillinga?
Ta kontakt med vår rekrutteringspartner Knif Jobb ved rådgjevarane
Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056
Marit Ecklo Brevik, tlf. 907 24 333
Tonje Lavik Hansen, tlf. 902 46 867
Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår handsamar alle førespurnader konfidensielt, òg overfor oss i Volda kyrkjelege fellesråd i den innleiande fasen dersom det er ønskjeleg.
Tiltreding etter avtale.
Ferdigheter
- Administrere ressurser
- Boligforvaltning
- Eiendoms- og vedlikeholdsledelse
- Forvaltningskompetanse
- Kirkeregister
- Nynorsk
- Økonomistyring
- Organisatorisk ledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Volda ligg på Sunnmøre og er kjent som ein viktig skulestad med høgskule og som prostesete for Søre Sunnmøre prosti. Kommunen hadde ved årsskiftet 11.131 innbyggjarar, der 72 % er medlemmer av Den norske kyrkja. Volda byr på vakker og skiftande natur med gode høve for friluftsliv og rekreasjon heile året.
Volda kyrkjelege fellesråd er fellesorgan for seks sokn: Volda, Hornindal, Dalsfjord, Kilsfjord, Austefjord og Storfjorden. Fellesrådet er eit viktig bindeledd mellom sokna og ut mot lokalsamfunnet, og har ei sentral rolle i å sikre at kyrkja er levande, tilgjengeleg og relevant for folk i alle livsfasar. Gjennom gudstenester, kyrkjelege handlingar, trusopplæring, diakonalt arbeid og eit rikt kulturtilbod skapar kyrkja i Volda møteplassar der tru, fellesskap og tradisjon kan vekse.
Sjølve fellesrådet består av eit medlem frå kvart av sokna, prosten og ein representant frå kommunen. Kyrkjeverja er dagleg leiar og vert tilsett av og rapporterer til fellesrådet. Volda kyrkjelege fellesråd forvaltar seks kyrkjebygg og ni gravplassar. Gravplassmyndigheita ligg hos fellesrådet, medan kommunen har ansvaret for den daglege drifta av gravplassane.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Rådhusgata 6, 6100 Volda
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Kirke og menighet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kyrkjeverje, dagleg leiar, administrasjon, gravplassforvaltning, økonomistyring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441549712
- Sist endret

