Fagarbeidar
100% vikariat som fagarbeidar ved Hamretunet
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Er du fagarbeidar og likar å gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Bremanger kommune, ved Tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne, avdeling Hamretunet, søkjer no etter deg til eit spennande 100 % vikariat!
Vi jobbar i årsturnus, og her kan du påverke både arbeidstida di og kvardagen din – kanskje til og med få ønska langvakter. Arbeid på tvers av avdelingar kan påreknast, noko som gir variert og lærerik arbeidserfaring.
Stillinga er ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Skape eit trygt og godt miljø tilpassa den enkelte tenestemottakar.
- Legge til rette for at kvar enkelt får moglegheit til læring og meistring.
- Dokumentere i tråd med gjeldande lovverk.
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan helse, sosialfag eller som barne- og ungdomsarbeidar.
- Trivst med å jobbe i team og er open for endringar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Førarkort klasse B.
- Politiattest av nyare dato må leggast fram.
- Andre med relevant realkompetanse kan òg søkje.
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel.
- Du bidreg til å motivere, rettleie, gje støtte og glede i arbeidsmiljøet.
- Du kan jobbe sjølvstendig, og ta avgjerder når det vert krevd.
- Du trivast med å jobbe aleine, men har evne til å jobbe i team.
- Du har gode samarbeidsevner og samtidig kunne jobbe sjølvstendig.
- Du likar utfordringar.
- Du er lojal mot beslutningar og rutiner.
- Du har verdiar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du tek imot rettleiing og er flink å dele kunnskap med mål om at vi saman vert betre.
Di hjelp bidreg til å gjere ein positiv forskjell, og saman skapar vi ein trygg omsorg som ivaretek alle.
Det vert lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Startpakke for nye arbeidstakarar som vert tilsett i kommunal stilling etter 01.01.2025.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal
- Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Svelgen Panorama 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5050726294
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441570259
- Sist endret