Vernepleiar
100% vikariat som vernepleiar, Hamretunet, Open omsorg
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Bremanger kommune søkjer no ein engasjert og fagleg dyktig vernepleiar i 100 % vikariat ved Hamretunet, Tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne – avdeling Open omsorg indre.
Hos oss blir du ein del av eit triveleg og fagleg sterkt team som skaper tryggleik, trivsel og meistring for dei vi tek vare på. Vi arbeider i årsturnus, og du får påverke eigen arbeids- og fritid, med moglegheit til å ønske deg langvakter. Som medarbeidar ved Hamretunet får du bruke fagkompetansen din aktivt og bidra til at kvar enkelt brukar får utnytta sine moglegheiter til læring, meistring og sjølvstende.
Stillinga er ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for eit trygt og godt miljø tilpassa kvar enkelt brukar
- Fremje brukarane sine moglegheiter for læring, meistring og sjølvstende
- Dokumentere i tråd med gjeldande lovverk
- Bidra aktivt i fagmiljøet og samarbeide tett med kollegaer for å gi best mogleg teneste
Kvalifikasjonar
- Vernepleiar eller annan relevant høgskuleutdanning
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Trivst med å møte menneske, og taklar uventa situasjonar på ein roleg og løysingsorientert måte
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Politiattest av nyare dato må leggast fram
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er:
- Fagleg engasjert, sjølvstendig og motivert
- Komfortabel både med miljøarbeid, pleie og rettleiing
- Til stades, engasjert og initiativrik
- Serviceinnstilt og med eit varmt, medmenneskeleg blikk
Hos oss får du bruke faget ditt aktivt for å skape ein god kvardag for brukarane, og bidra til eit triveleg og utviklande arbeidsmiljø. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir. Alle ordningane finn du her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Svelgen Panorama 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5050725050
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441570115
- Sist endret
