Lærarstilling Sandane skule
Oppvekst, Gloppen kommune
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Sandane skule har ledig 100 % stilling for lærar i perioden d.d og fram til 31.07.2027.
Det kan vere rom for delstillingar.
Sandane skule er ein fulldelt 1-7 skule med to parallellar og om lag 290 elevar. 43 tilsette.
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og førebuande opplæring for vaksne. Skulane i Gloppen jobbar tett saman med fokus på fagleg og sosial utvikling. Kommunen satsar på Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) og Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Vi har prosjekt med Høgskulen i Vestland (Dekomp) og Læringssenteret i Stavanger om blant anna desse tema.
Administrasjonsmålet er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
- undervisning
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer lærarar som har:
- godkjend pedagogisk utdanning
- spesialpedagogisk kompetanse
- kompetanse i grunnleggande norsk
- digital kompetanse
- god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål
- undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og røynsle som kontaktlærar
Personlege eigenskapar
- evne til samarbeid og bidrag til godt arbeidsmiljø
- relasjonskompetanse
- inkluderande klasseleiing
Vi tilbyr
- løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
- variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, +47 913 31 262Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5052981748
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 04.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441556484
- Sist endret



