
Fagbioingeniør 100 % fast stilling
Helse Bergen HF
- Frist 04.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer etter bioingeniør i fagstilling - hos oss får du både fagleg vekst og gode vilkår
Ser du etter ein jobb kor du kan fordjupa deg innan eit fagområde?
Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling som fagbioingeniør, og vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein spanande arbeidskvardag kor du får opparbeid deg fagleg spisskompetanse samstundes med at du får nytta breiddekompetansen din på vakt.
Kva kan vi tilby deg?
Fagleg mangfald: Du får arbeide innan fleire laboratoreifagfelt som gir høve til fagleg utvikling på tvers av spesialitetar. Laboratoriet omfattar mellom anna hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologiske hurtigtestar. Vi tilbyr eit godt opplæringsprogram for nytilsette og legg til rette for vidare kompetansebygging. Utlyst fagstilling er knytta til fagområdet klinisk kjemi/immunkjemi.
Kjekt og inkluderande arbeidsmiljø: Hos oss møter du eit triveleg og engasjert team der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å levere trygge og presise laboratorietenester.
Balanse mellom jobb og fritid: Turnusordninga gir rom for fleksibilitet og fri på dagtid i vekedager. Voss er omgitt av fin natur og har eit rikt utval av aktivitetar året rundt - frå fjellturar, sykling og rafting til alpint og paragliding. Her finn du ein arbeidskvardag som let seg kombinere med eit aktivt liv utanfor jobben. Som ein bonus får du årskort ved Voss Resort det første året som ansatt.
Kultur og fellesskap: Voss har eit levande lokalmiljø med festivalar som Vossajazz, Ekstremsportvako og Voss Cup, samt eit breitt kulturtilbod og sterke idrettstradisjonar.
Konkurransedyktig lønns- og vilkår: Vi tilbyr løn etter overeinskomst , samt eigne tillegg som verdset både kompetnae og tilknytning. For deg som kjem utanfår, har vi gode ordningar for bustad og flytting.
Voss - ei bygd i vekst: Voss er ikkje berre ein idyllisk stad å bu, men også eit knutepunkt for transport med god tilknytning til både Bergen og andre populære destinasjonar på Vestlandet. Togturen til Bergen tek berre omlag 1 time og 15 minutt, og med bil er du der på om lag 1 time og 35 minutt.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inngår i eit team av to fagbioingeniørar som deler oppgåvene knytta til oppfølging av analysar innan klinisk kjemi og immunkjemi. Det kan óg bli aktuelt med noko ansvar knytta til oppfølging av PNA utstyr
- Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll, i tillegg til innkøyring og verifisering av analytiske endringar
- Ansvar for å fylgje opp seksjonen sine kvalitetskrav, dokumentasjon av metodar og utforming av prosedyrar
- Gjennomføre utvida vedlikehald
- Bidra i undervising og opplæring
- Vere med på å utvikle og forbetre seksjonen sitt arbeid med kvalitet
- Delta i dagleg rutine ved seksjonen
- Andre arbeidsoppgåver kan òg vere aktuelle
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør. Det er ønskjeleg med minimun to års erfaring frå arbeid ved medisinsk laboratorium
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
- Oppteken av god pasientbehandling
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Set pris på å samarbeida med kollegaer, men har og evne til å ta sjølvstendige avgjerder
- Du er målretta, og får oppgåvene gjort
Vi tilbyr
- Trygg og god opplæring for nytilsette
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre
- 3-delt turnus
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode vilkår med tillegg som verdset både kompetanse og tilknytning
- Rekrutterings- og behaldartillegg på kr. 50 000,- per år (regulerast etter stillingsstorleik)
- Kompetansetillegg på kr. 15 000,- per år ved oppstart aleinevakter (aften og natt)
- Hjelp til bustad og flytting samt fordelar for deg som kjem til Voss
- Leiligheit med dekka husleige inntil kr. 6000,- per månad mot binding i 18 månader
- Bo- og flyttegodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader dersom leiligheitstilbodet ikkje blir nytta
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Klinisk biokjemi
- Kvalitetskrav
- Medisinske laboratorietjenester
- Servicearbeid
- Ta blodprøver
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, fagbioingeniør, laboratorie, voss sjukehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441424262
- Sist endret



