Trainee - Internasjonalt samarbeid
NPI - Forsking, kompetanse og internasjonalisering, Vestland fylkeskommune
- Frist 12.1.2027
- Ansettelsesform Trainee
Vestland fylkeskommune satsar sterkt på internasjonalt samarbeid og vil styrkje arbeidet med EU-program som Horisont Europa og Erasmus+. Vi søkjer ein engasjert og lærevillig trainee som ønskjer å bidra til utviklinga av Vestland som ein grøn og innovativ region i Europa. For å vere ein attraktiv partnar må vi også synleggjere korleis regionen jobbar med berekraftige løysingar for framtida. I Vestland er det etablert 19 strategiske grøne hubbar med bedrifter som har gått i tet og jobbar med dekarbonisering, teknologiutvikling og industriell symbiose. Desse hubbane utgjer Vestlandsporteføljen. Traineestillinga vil vere kopla opp mot denne satsinga. Som trainee vil du være ein del av internasjonal gruppe i seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering. Stillinga er eit engasjement på eitt år.
Arbeidsoppgåver
Som trainee hjå oss vil du
- delta i mobilisering og støtte til aktørar i Vestland som vil søkje på Horisont Europa og Erasmus+, inkludert praktisk arbeid med planlegging og gjennomføring av arrangement
- følgje med på og analysere EU-politikk som er relevant for Vestland fylkeskommune.
- bidra til formidling av Vestlandsporteføljen 3.0, med vekt på kommunikasjon og synleggjering av prosjekt og satsingar.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på masternivå innan samfunnsfag, statsvitskap, internasjonale relasjonar eller liknande.
- Nyutdanna med maksimalt tre års erfaring etter studiar
- Kunnskap og interesse for EU-politikk og EU-program
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk og engelsk
- Erfaring med kommunikasjon og informasjonsarbeid
Personlege eigenskapar
- Engasjert og lærevillig
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og til å handtere fleire oppgåver samtidig.
- Strukturert med god evne til å planlegge, prioritere og sikre fremdrift
- Kreativ
- Positiv og omgjengeleg
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Ein unik sjanse til å lære om internasjonalt arbeid i offentleg sektor
- Varierte oppgåver og høve til å bygge nettverk både nasjonalt og internasjonalt
- Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- Ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Løn i tråd med traineeordninga til Vestland fylkeskommune
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Som deltakar i traineeprogrammet til Trainee Vest får du
- Utviklingsprogram gjennom Trainee Vest
Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling føljer Trainee Vest sitt årshjul.
Kontaktinformasjon
Kathrin Jakobsen, seksjonssjef, 98255253Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5051414411
Stillingsprosent: 100%
Trainee
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 16.08.2027
Søknadsfrist: 12.01.2027
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441065166
- Sist endret


