
Rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 30.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar
Vil du vere med og forme framtida til Vestland?
Er du oppteken av digitalisering, teknologi og innovasjon? Har du lyst til å jobbe med prosjekt som faktisk gjer ein forskjell – og bidra til å byggje eit smartare, grønare og meir konkurransedyktig Vestland? Vestland står midt i ei spennande omstilling, og vi treng deg som vil vere med og drive utviklinga framover! Hos oss får du sjansen til å jobbe med digitale løysingar, verdiskaping og samfunnsutvikling – og vere ein del av eit team som tenkjer nytt og utfordrar det etablerte.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å gjennomføre prosjektet det digitale Vestland og temaplan breiband og digitalisering
- Kommunisere resultat
- Identifisere og mobilisere ressursar og partnarskap for å styrke innovasjonsøkosystemet i fylket
- Delta i og utvikle prosjekt og større satsingar
- Planlegge og gjennomføre møte og samarbeidsarenaer
- Saksbehandling og prosjektvurdering
- Analysearbeid
- Skrive politiske saker, rapportar og andre tekstar
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurdert for stillinga, men vil då bli tilsette som spesialkonsulent og ikkje rådgjevar
- Digital forestillingsevne og evnen til å ta det fra ide til handling
- Kunnskap om innovasjonsøkosystemet
- God fagkompetanse om innovasjon og næringsutvikling
- Relevant arbeidserfaring
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- Strategiske evner
Personlege eigenskapar
- Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
- Ein som er ryddig og systematisk med god gjennomføringsevne og evne til handtere komplekse prosesser og oppgåver på ein strukturert måte
- Sjølvstendig, sjølvgåande og initiativrik
- Ein lagspelar som initierer samarbeid og relasjonar
- Ein som utviklar og deler kompetanse, kunnskap og erfaringar
- Ein som er opptatt av rolla som samfunnsbyggar
- Høg integritet og stort engasjement
- Inkluderande og lyttande, med respekt for ulike perspektiv og meiningar
- Fagleg autoritet og varme
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- Ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
FerdigheterAI-generert
- Analysere data
- Digitalisering
- Forfatte artikler
- Innovasjonsledelse
- Kunnskap om teknologi
- Prosjektanalyse
- Prosjekteringsledelse
- Saksbehandle søknader
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgiver, rådgjevar, it, digitalisering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445243227
- Sist endret



