
Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Avdeling for rusmedisin (AFR)
Helse Bergen HF
- Frist 04.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar og vernepleiar til Dr. Martens Tvangsposten og LAR poliklinikk Åsane
Avdeling for rusmedisin (AFR) treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar. For desse stillingane er det krav om Norsk autorisasjon.
AFR tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. AFR satsar også sterkt på forsking ogkvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. AFR har om lag600 tilsette og ti kliniske seksjonar som tilbyr avrusing, stabilisering,poliklinikk, døgnbehandling for både kvinner og menn, familieambulatorium,LAR-behandling og ambulante tenester. Vi har også det einaste medikamentfriebehandlingstilbodet i vår region for unge mellom 18 og 40 år.
Vi har ledig følgande faste stillingar:
* Dr. Martens Tvangsposten har frå snarst ledig 100% faste stillingar som sjukepleiar eller vernepleiar. Pt 2-delt turnus dag/kveld med arbeid kvar 3 helg.
* LAR poliklinikk Åsane har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar med oppstart frå snarast. Stillinga er dagarbeid og pt kvar 10. laurdag.
Ein blir tilsett i 100% fast stilling i AFR, pt ved avdelinga. Her kan du lese meir om AFR
* Bemanningssenteret i Helse Bergen søker sjukepleiar/vernepleiar til 100% faste stillingar for oppdrag ved ulike avdelingar innan psykiatri og rus i sjukehuset.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss vil du få moglegheit til å jobbe på eit begrensa tal av avdelingar, og moglegheit til å lage din eigen årsturnus. Vi har fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. Velkommen på laget :)
Arbeidsoppgåver
Dr. Martens er ein del av Avdeling for Rusmedisin (AFR) i Helse Bergen og ligg i Ytre Sandviken. Vi gir tilbod om behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. AFR Dr. Martens har to postar; ein Tvangspost og ein Korttidspost.
Tvangsposten har 4 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstenestelova §§ 10-2 og 10-3. Overordna målsetting med opphaldet er avrusing, stabilisering samt motivering og tilrettelegging for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Dette kan innebere både å hindra akutt, livstruande skade i nær framtid, og på sikt få pasienten rusfri eller inn i eit tilvære med vesentleg lågare rusmiddelforbruk. Det blir lagt vekt på høg grad av individuell tilrettelegging og brukarmedverknad, og tett samarbeid med pårørande og kommunale tenester/andre tenester. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår.Det er for tida ei utgreiing på AFR Martens i forhold til å kartlegge moglegheiter for å jobbe langtidsvakter. Denne kartlegginga er ikkje ferdigstilt.
Kontakt: Hege Ramsli Njøten. Tlf. 94507983
LAR poliklinikk Åsane. Som sjukepleiar i LAR blir du ein del av eit fagfelt i rivande utvikling. Avdeling for rusmedisin har eigen forskingseksjon med sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet for rusmiddelavhengige. I LAR vil du m.a. få moglegheit til å bidra i forskingsprosjekt knytt til substitusjonsbehandling for menneske med avhengigheit til benzodiazepiner og amfetamin.
LAR-Seksjonen er organisert i 5 geografiske team, samt eit team med tilbod om heroinassistert behandling (HAB). Kvart team er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR teama har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.
Kontakt: Mariann Erdal, Tlf. 93894784
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver
Dr. Martens, Tvangsposten
- Fokus på å vidareføre planlagde aktivitetar og gjeremål saman med pasienten, samt miljøterapeutisk arbeid på posten
- Sjukepleiar og Vernepleiar arbeider i tverrfagleg team og følger pasientane tett under innlegging
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av alt frå mottak av nye pasientar, tillaging av medisinar, kartlegging og medisinsk oppfølging, støttesamtalar, pårørandearbeid og ulike aktivitetar med pasientane
- Bidra med undervisning og kunne leie møte med pasientar saman med andre kollegaer
- Samarbeide med andre instansar
LAR poliklinikk, Åsane
- Poliklinisk oppfølging
- Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
- Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling
- Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale samarbeidspartnarar
- Legemiddelhandtering
- Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring frå sjukepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
- Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- For LAR poliklinikk Åsane må ein ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Engasjement og interesse for fagfeltet og pasientgruppa
- Evne til å etablere og stå i utfordrande relasjonar over tid
- Evne til tydeleg og forutsigbar kommunikasjon
- Evne til å arbeide målretta, strukturert og toler å stå i krevande situasjonar
- Evne å samhandle godt med andre
- Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- God fagleg vurderingsevne
- Er fleksibel, løysingsorientert og kan jobba sjølvstendig innanfor rammene
- Opptre profesjonelt i møte med og held seg til Helse Bergen sine etiske retningslinjer i møte med pasientar, kollegagruppe og samarbeidspartar
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og regelemssig internundervisning
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
- Ein utfordrande og lærerik kvardag med fokus på fagleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Legemiddelhåndtering
- Pleie og omsorgsarbeid
- Utlevering av medisiner
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, martens, Rusmedisin, poliklinikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441007615
- Sist endret

