Driftsoperatør
Bjølve Bruk AS
- Frist 10.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Bjølve Bruk søkjer driftsoperatør
Bjølve Bruk AS er eit settefiskanlegg i Alsaker Fjordbruk konsernet, med ein produksjon på 2,5 mill. smolt. I tillegg produserer anlegget om lag 3 mill. yngel og settefisk. Anlegget har gjennomgått ei større ombygging og står fram som eit topp moderne settefiskanlegg.
Anlegget ligg i Ålvik i Hardanger, nærmare bestemt inne på industriområdet til smelteverket Elkem Bjølvefossen. Det tek ca 1,5 t med bil til Bergen, og 45 min til Voss.
Bjølve Bruk får vatn frå eit av Statkraft sine kraftmagasin. Me nyttar og spillvarme frå smelteverket. Har og bygd ut med varmeveksling mot sjøvatn for å få ein mest mogleg stabil temperatur. Det er eit teknisk anlegg med mange pumper, og installasjonar for behandling og overvåkning av vasskvaliteten.
Det har vore og vert framleis investert store summar for å utvikla Bjølve Bruk AS til eit toppmoderne settefiskanlegg.
Me er totalt 8 motiverte og kjekke tilsette som no søkjer ny medarbeidar.
Ein driftsoperatør sine daglege arbeidsoppgåver er mellom anna:
Fôring, kontroll og tilsyn av rogn, yngel og smolt
Drift av utstyr og anlegg
Produksjons- og kvalitetsoppfylging
Ynskjelege kvalifikasjonar:
Ansvarsbevisst, engasjert og bidragsytar i arbeidsmiljøet
Er sjølvstendig og fleksibel, med evne til å stå på når det trengs
Har teknisk innsikt og evnar å setje seg inn i tekniske løysingar
Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja.
Har du utdanning eller erfaring innan akvakultur, er det eit stort pluss!
Me kan tilby deg:
Jobb i eit av dei leiande norske oppdrettsselskapa for produksjon av laks
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
Moglegheit for fagleg utvikling
Opplæring vil bli gjeven. Driftsoperatør må pårekna å delta i alarm- og helgevaktordning på anlegget, med fleksibel avspaseringsordning.
Ferdigheter
- Akvakultur
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar. Alsaker er ein del av
Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
- Sektor: Privat
- Sted: Ålvikvegen 961, 5614 Ålvik
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Biolog, Produksjon, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
laks, settefisk, oppdrett, røkter, matproduksjon
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 433550139
- Sist endret

