Ansvarleg driftsoperatør fartøy
Osland Havbruk AS
- Frist 10.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Likar du deg best ute, med sjøsprøyt i håret og varierte arbeidsoppgåver?
Bli del av vårt arbeidslag med ansvar for drift av servicebåt i 2:3 turnusordning.
Arbeidsoppgåver
Ansvarleg driftsoperatør av Osland Havbruk AS sine båtar og fartøy i serviceflåten.
Servicetenester til lokalitetane
Drift og vedlikehald av båt og sjølokaliteter
Overvaking og rapportering
Inspeksjoner og reingjøring av nøter, ringar og anna utstyr
Kvalifikasjonar
Båtkyndig med praktisk erfaring
Løysingsorientert med HMS-fokus
Fagbrev innan akvakultur eller maritimefag
Mekanisk kompetanse og erfaring fra sevicebåt er ein fordel
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
Søkjarar med erfaring frå sjølvstendig arbeid og frå andre bransjar vert oppmoda om å søkje
Ynskjeleg med relevante kurs og sertifikat, f.eks. båt, kran og D6 sertifikat.
Erfaring med drift og vedlikehold av notspyler.
Vi trur på at forskjellar i bakgrunn, utdanning og perspektiv gjer oss betre. Om du er usikker på om du kvalifiserer til stillinga, søk likevel. Still oss spørsmål og gjerne vis oss kven du er.
Vi tilbyr deg
100% fast stilling
God turnusordning med stabil rotasjon
Turnusordning: 2 veker på / 3 veker av, Osland Havbruk med base på servicefartøy lokalisert i Bjordal, Sogn og Fjordane.
Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Bedriftshytte og andre gode velferdstilbod
Om arbeidsgiveren
Form framtida. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett.
Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt
Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Genetics AS, Osland Genetics Leikanger AS, Osland Settefisk AS, Osland Seafood AS og Osland AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 70 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er dette teamet som utgjer Osland.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 5
- Sted: Sørsidevegen 2966, 5962 Bjordal
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Fiskeri og oppdrett, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
servicebåt, driftsoperatør, akvakultur
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439109852
- Sist endret
