Driftsoperatør
Nordsjø Fjordbruk AS avd. Sunnhordland
- Frist 1.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Alsaker Fjordbruk søkjer Driftsoperatør i Sunnhordlandsområdet
Alsaker konsernet sitt selskap Nordsjø Fjordbruk har i dag matfiskproduksjon på 11 lokalitetar i Sunnhordlandsområdet. Me er primært på utkikk etter driftsoperatør til Skånevik og Halsnøyområdet – lokalitetane Ebne og Seglberget, med utfart frå Aksland i Skånevik og Sjøvangen på Halsnøy, men andre lokalitetar i området er også aktuelle.
Me er på jakt etter deg som er like framoverlent som oss, og som ynskjer å bli med på laget i å produsere sunn og god mat til kundar over heile verda.
Di interesse for akvakultur gjer at du ynskjer deg jobb i havbruksnæringa. Du trivst ute i all slags vêr og vind og er løysningsorientert med gode samarbeidsevner.
Ein driftsoperatør sine daglege arbeidsoppgåver er mellom anna:
Fôring, kontroll og stell av laks og rensefisk
Drift og vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg
Produksjons- og kvalitetsoppfylging
Operere båt, kran og anna mekanisk utstyr
Deltaking i helgevaktsordning
Ynskjelege kvalifikasjonar:
Relevant utdanning og /eller erfaring innan akvakultur (men ikkje eit krav)
Sjømannskap/teknisk innsikt, fordel om du har D6, sikkerhetskurs, kran G20
Er sjølvstendig og fleksibel, med evne til å stå på når det trengs
På jobb hos oss vil du arbeida i eit av dei leiande norske oppdrettskonserna i Noreg, eit spanande miljø der fokus er å gjera det me er best på, nemleg produsera laks.
Våre dedikerte medarbeidarar spelar ei særs viktig rolle for å sikre optimal drift på våre lokalitetar, og er alltid framoverlent for å yte maks for best mogleg produksjon.
Me kan tilby deg naudsynt opplæring, kjekke kollegaer, og varierte arbeidsdagar.
Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja!
Ferdigheter
- Kranførerkurs
- Røkting
- Styre fartøy
- Tilsyn av fisk
- Vedlikehold av teknisk utstyr
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
- Sektor: Privat
- Sted: Strondavegen 1986, 5593 Skånevik
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Produksjon, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
laks, oppdrett, røkter, havbruk, matfisk
(1/9)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 426066952
- Sist endret
