Stranda distrikt HTF - Tilkallingsvikar
Stranda kommune
- Frist 31.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
HTF (Heimeteneste for yngre brukarar med funksjonsnedsetjing) i Stranda kommune søkjer ei kvinne som kan bidra som tilkallingsvikar i eit lite, fagleg sterkt og omsorgsfullt team.
Arbeidsoppgåver
Arbeidstid og fleksibilitet
Det er mest behov for ettermiddagsvakter kl. 16.00–22.00, men det kan også vere helgevakter og langvakter på 12,5 timar. Vi er fleksible – og du blir ein del av eit team som jobbar aktivt med fagutvikling, der alle får bidra.
Kvalifikasjonar
Førarkort.
Gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg
Personleg eignaheit er avgjerande.
Personlege eigenskapar
Kven er du?Du har kanskje allereie ein jobb, men ønskjer ei bijobb over lengre tid – kanskje ei vakt i veka, eller av og til litt meir?
Du er trygg i deg sjølv, roleg og skapar tryggleik rundt deg.
Du er forståingsfull, god til å observere og tilpasse deg andre sine behov og åtferd.
Du har godt humør, og trivst med å bidra til velvære – gjerne med hudpleie, hårstell og dagleg trening.
Du jobbar sjølvstendig og aleine, men får god opplæring og rettleiing frå eit team med mykje erfaring og fagleg engasjement.
Vi tilbyr
Eit trygt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling og trivsel.
God opplæring og rettleiing – du får tid til å bli trygg i rolla.
Ei meiningsfull rolle der du gjer ein forskjell
Fleksibilitet og respekt for at dette er ei bijobb.
Usikker på om dette passar for deg?
Du treng ikkje ha erfaring frå før – det viktigaste er at du møter andre med ro, respekt og varme.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat – vi vil gjerne bli kjent med deg!
Kontaktinformasjon
Liv Skarbø Gjærde, Einingsleiar, +47 46411180Arbeidsstad
Nymarkvegen 586200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5025675185
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 430972338
- Sist endret