Dataingeniør og senior dataingeniør
- Søknadsfrist 15.12.2026
- Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Bygg framtidas dataplattformar med Tussa IKT
Tussa IKT
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 115 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet.
Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. Selskapet er ISO 27001-sertifisert, ISO 14001-sertifisert og er Microsoft AI Cloud Partner.
Tussa IKT AS driftar IT-systema til små og mellomstore bedrifter - både lokalt og nasjonalt. I tillegg er vi konsulentar for dei same kundane.
Dataplattform er ei ny satsing hos oss. I dag er vi tre i teamet, men satsinga gjer at vi snart doblar kapasiteten. Kundane er store nok til å ha mykje data, og små nok til at du snakkar direkte med dei som skal bruke dataane. Vegen frå behov til løysing er difor effektiv og kort.
Vi byggjer fagmiljø for dataplattform
Vi produserer stadig meir data, og kundane våre treng hjelp til å samle, strukturere og bruke dei. Difor byggjer vi no opp eit eige fagmiljø for dataplattform. Vil du vere med frå starten som dataingeniør eller senior dataingeniør?
Hos oss får du:
Vere med frå starten. Du vert viktig i arbeidet med å bygge eit sterkt fagmiljø for dataplattform
Vere med på å setje retninga. Du set standardane, vel mønstera og ser løysingane dine leve vidare
Sjå heile livssyklusen. Vi driftar dei fleste plattformene vi byggjer, og får difor sjå kva som fungerer over tid
Kome tett på kundane. I SMB-marknaden snakkar du med dei som tek avgjerdene
Utvikle både organisasjonen og deg sjølv
I arbeidet med å bygge dataplattformer vil du vere involvert frå kjelde til ferdig tilgjengelege data. Oppgåver vil vere:
Hente inn data frå fagsystem og ERP, eksterne API-ar, sensorar, sanntidsstraumar og filer
Standardisere, transformere og modellere data til noko kundane kan stole på
Gjere data tilgjengeleg via API og databasar for analyse og BI, eigne applikasjonar og KI-løysingar
Setje plattformene i drift og forbetre dei over tid saman med resten av avdelinga
Snakke med kundane, forstå behovet og foreslå løysingar som passar storleiken deira
Som senior får du i tillegg ansvar for arkitekturen. Du er med på å utforme standardane våre for korleis vi byggjer og driftar dataplattformer, og du deler kompetansen med kollegaene dine.
Teknologien vår
Vi byggjer på Databricks i Azure, og jobbar også med Microsoft Fabric hos fleire av kundane våre. SQL og Python er sentrale verktøy, og vi leverer data gjennom API-ar og databasar. Kva meir vi skal ha i verktøykassa, får du vere med og bestemme.
Kven er du?
Dataingeniør:
Nokre år med relevant erfaring
Lyst til å lære og utvikle deg saman med teamet
Senior dataingeniør:
Solid erfaring frå tilsvarande roller
Har designa og bygd dataplattformer som har gått i produksjon
Trygg på arkitekturval og kan forklare vala for både utviklarar og kundar
Likar å rettleie andre
Til begge stillingane treng du:
Praktisk erfaring med Databricks eller Microsoft Fabric
Erfaring med å byggje datapipelinar: innhenting, transformasjon og tilgjengeleggjering
Ferdigheiter i SQL og Python
Kunne flytande norsk, munnleg og skriftleg
Det er ein fordel om du har:
Erfaring med sanntidsdata eller sensordata
Erfaring med å utvikle API-ar
Erfaring med drift og overvaking av dataplattformer
Jobba som konsulent eller med anna direkte kundekontakt
Som person er du nysgjerrig og sjølvgåande. Du trivst med å snakke med kundar som ikkje er teknikarar, og du tek eigarskap til det du leverer, også etter at det er sett i drift.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:
Konkurransedyktige vilkår
Marknadsleiande pensjonsordning
Delvis heimekontor
Kurs og sertifiseringar du treng i jobben
Velferdsaktivitetar og tilgang til velferdshytter
Godt arbeidsmiljø i ein trygg og solid organisasjon
Vi vurderer søkjarar fortløpande, så søk gjerne tidleg. Gjer greie for om du søkjer senior dataingeniør- eller dataingeniørstillinga.
Oppstart: Så snart som råd.
Ferdigheter
- Analyse av forretningsdata
- Azure Databricks
- Data Modeling
- Development of data pipelines
- Kjennskap til skyplattformer
- Python (dataprogrammering)
- SQL
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Tussa
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med om lag 330 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
- Sted: Langemyra 6, 6160 Hovdebygda – Ørsta, 6160 Hovdebygda
- Flere arbeidssteder: Havnegata 3 , 6300 Åndalsnes – Rauma, 6300 Åndalsnes, Langelandsvegen 35, 6010 Ålesund, 6010 Ålesund, Ullavikvegen 39, 6230 Sykkylven, 6230 Sykkylven
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Internettbaserte tjenester, IT, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Dataingeniør, Ledelse, Løsningsarkitekt
Videospiller
Spørsmål om stillingen
Arbeidssted
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 481603843
- Sist endret:
- Org.nr.: 861496872Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)




