FINNJobbSøkMøre og RomsdalVolda
STUDENTSAMSKIPNADEN I VOLDA logo
STUDENTSAMSKIPNADEN I VOLDA
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Avdelingsleiar studentliv

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Volda
  • Søknadsfrist 11.12.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Ansvar for å leie og vidareutvikle Studenthuset Rokken, rådgjevingstenesta, helsetenestene, støtteordningar og studentfrivilligheita i Volda.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå
  • Relevant leiar- eller koordineringskompetanse
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • Bestått skjenkeprøve, eller vilje til å ta denne
  • Erfaring frå studentarbeid, kultur, helse, rådgjeving eller frivillig sektor

Hva vi tilbyr

  • Nyoppretta leiarstilling med stor moglegheit til å påverke
  • Variert arbeidskvardag med eit breitt ansvarsområde
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtale
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Vil du vere med å utvikle studentlivet i Volda?

Vil du bidra til at studentane får ei best mogleg studietid – både fagleg, sosialt og personleg?

Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) opprettar ei ny stilling som avdelingsleiar for studentliv. Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som vil få ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle og styrkje studentlivet i Volda.

Som avdelingsleiar får du eit heilskapleg ansvar for fleire av dei viktigaste tilboda og møteplassane for studentane. Du skal leggje til rette for eit inkluderande, aktivt og mangfaldig studentmiljø, og bidra til at SiVolda er ein synleg og relevant samarbeidspartnar for studentane, studentfrivilligheita og Høgskulen i Volda.

Sentrale ansvarsområde

Som avdelingsleiar for studentliv får du ansvar for å leie, koordinere og vidareutvikle:

  • Studenthuset Rokken: Overordna ansvar for drift, utvikling og vidareutvikling av Rokken som studenthus, kulturarena og sosial møteplass. Vere Sivolda sin kontaktperson overfor Studentsamfunnet.

  • Rådgjevingstenesta: Ansvar for Sivolda sitt rådgjevingstilbod til studentane, med vekt på førebygging, rettleiing og oppfølging.

  • Helsetenestene: Ansvar for og vidareutvikling av Sivolda sine helsetenester og andre helserelaterte tilbod til studentane.

  • Støtteordningar: Administrasjon og forvaltning av støtteordningar for studentar og studentorganisasjonar, inkludert saksbehandling og oppfølging.

  • Studentfrivilligheita: Vere eit sentralt bindeledd mellom studentfrivilligheita og Sivolda, og bidra til gode rammevilkår for engasjement, aktivitet og frivillig arbeid.

Stillinga vil òg innebere eit ansvar for å sjå dei ulike tilboda i samanheng og utvikle eit heilskapleg velferds- og aktivitetstilbod som møter studentane sine behov.

Stillinga inneber eit særleg ansvar for å følgje opp at drift og skjenking ved studenthuset skjer i samsvar med gjeldande regelverk.

Stillinga har personal- og budsjettansvar for studenhuset og tenesteområdet forøvrig.

Vi ser etter deg som

  • Har eit sterkt engasjement for studentvelferd, studentkultur og utvikling av gode studentmiljø.

  • Har leiarerfaring, gjerne med ansvar for medarbeidarar, drift og utviklingsarbeid.

  • Har god forståing for frivillig sektor, organisasjonsarbeid og samspelet mellom profesjonelle tenester og frivillig engasjement.

  • Er god til å byggje relasjonar, skape tillit og utvikle samarbeid.

  • Har god økonomi- og organisasjonsforståing.

  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og god saksbehandlingskompetanse.

  • Er strukturert, sjølvstendig og har gjennomføringsevne.

  • Kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.

  • Er fleksibel med omsyn til arbeidstid. Stillinga inneber noko arbeid på kveldstid og i helgar, særleg i samband med aktivitetar og arrangement på studenthuset Rokken.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå.

  • Relevant leiar- eller koordineringskompetanse.

  • Erfaring frå studentarbeid, kultur, helse, rådgjeving, frivillig sektor eller organisasjonsutvikling vil vere ein fordel.

  • Erfaring med saksbehandling, administrativ oppfølging og forvaltning av støtte- og tilskotsordningar er ønskjeleg.

  • Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.

  • Må ha bestått skjenkeprøva eller vere villig til å ta denne etter tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Ei nyoppretta og spennande leiarstilling med stor moglegheit til å påverke og utvikle framtidas studentliv i Volda.

  • Ein variert arbeidskvardag med eit breitt ansvarsområde.

  • Moglegheit til å gjere ein viktig forskjell for studentane sin kvardag og studietid.

  • Eit godt og engasjert arbeidsmiljø.

  • Løn og arbeidsvilkår etter avtale.

Vil du vere med og gjere studietida i Volda endå betre?

Vi håpar å høyre frå deg!

Ferdigheter

  • Budsjettansvar
  • Engelsk
  • Etablerer-og kunnskapsprøven
  • Evne til å koordinere
  • Gode muntlig og skriftlig fremstillingsevne
  • Lederansvar
  • Norsk

Om arbeidsgiveren

Studentsamskipnaden i Volda (Sivolda) arbeider for å leggje til rette for ein god og meiningsfull studiekvardag for studentane ved Høgskulen i Volda. Gjennom ulike velferdstilbod, møteplassar og aktivitetar skal vi bidra til trivsel, meistring, tilhøyrsle og eit levande studentmiljø.

  • Sted: Elvegata 24, 6103 Volda
  • Bransje: Event og arrangementer, Organisasjoner
  • Stillingsfunksjon: Koordinering, Ledelse

Spørsmål om stillingen

RA

Rune Aasen

Adm.dir.

90 63 72 27Kopier telefonnummer 90 63 72 27

Arbeidssted

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

32 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med STUDENTSAMSKIPNADEN I VOLDA

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 481591592
  • Sist endret: 23.11.2026, 10:54
  • Org.nr.: 950948728Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse