Overlege
- Søknadsfrist 13.12.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Vil du bli vår nye overlege?
Overlege i psykiatri søkjast til Valen sjukehus
Valen sjukehus er ein tradisjonsrik institusjon med røter heilt tilbake til 1910. Gjennom meir enn hundre år har sjukehuset vore kjenneteikna av ein humanistisk tilnærming til behandling og evna til å ta i bruk nye og innovative behandlingsformer.
Er du ein overlege som ønskjer å arbeide i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, varierte kliniske utfordringar og gode moglegheiter for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere arbeidsplassen for deg.
Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med brei kompetanse innan psykisk helsevern. Sjukehuset omfattar akuttpost, psykosepost, sikkerheitspost, sikkerheits-/rehabiliteringspost, FACT sikkerheitsteam og poliklinikk. Du vil samarbeide tett med erfarne overlegar, psykologspesialistar, LIS-legar, sosionomar, psykiatriske sjukepleiarar, aktivitørar og engasjert miljøpersonell. Ved Valen sjukehus kombinerer vi sterke faglege tradisjonar med utvikling, nytenking og eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til best mogleg behandling for pasientane våre og samtidig vere med på å vidareutvikle tenestene for framtida.
Høyrest dette interessant ut? Då ser vi fram til søknaden din.
Kva går jobben ut på?
Utgreiing og testing
Behandling og oppfølging av pasientar
Vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk helsevern og dom til behandling
Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
Inngår i bakvaktssystem for legar
Rettleie legar i spesialisering
Rettleiing av studentar og anna helsepesonell
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Norsk autorisasjon som lege
Godkjend spesialist i psykiatri
Erfaring med elektronisk pasientjournal (EPJ), gjerne DIPS og Meona
Erfaring med vedtaksarbeid innan psykisk helsevern
Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
LIS som er nær spesialisering kan tas i betraktning
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
er pasientorientert og engasjert
har høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
er tålmodig og evne til å knytte relasjon
tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
har gode samarbeidsevner
Kvifor skal du velje oss?
Eit sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
Helse Fonna legg til rette for høg fagleg standard og kontinuerleg kompetanseutvikling. Som overlege får du årleg kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten.
Gode moglegheiter for fagutvikling, rettleiing og forsking.
Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.
Ei unik plassering i vakker vestlandsnatur med fjord, fjell og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt.
Eit rikt kultur- og fritidstilbod i regionen. Rosendal med Baroniet ligg om lag 30 minutt unna, medan Husnes med kino, kjøpesenter, skule- og idrettsanlegg ligg berre 10 minutt frå sjukehuset.
Ein kommune med eit aktivt kulturliv og fleire festivalar gjennom året.
Ferdigheter AI-generert
- Behandling innen psykisk helsevern
- Bruk av journalsystemet DIPS
- Norsk
- Psykiatrisk pleie og omsorg
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sted: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
Spørsmål om stillingen
Marianne Lund Anderssen
Avdelingsleiar
Arbeidssted
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 481601576
- Sist endret:
- Org.nr.: 983974694Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

