Lege i spesialisering (LIS3) / Lege med interesse for psykiatri / overlege
- Søknadsfrist Snarest
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Voss DPS søker lege
Ved Voss DPS NKS Bjørkeli har me no ledig ei 100 % fast stilling for lege.
Stillinga passar godt både for deg som er i spesialisering (LIS3) i psykiatri, og for deg som har norsk autorisasjon som lege og ventar på LIS1-teneste, eller er i ALIS-løp, eller er overlege.
Hjå oss får du arbeide i eit inkluderande og sterkt fagmiljø der læring, samarbeid og kvalitet står i sentrum.
Samtidig får du kvardagen på Voss med korte avstandar, storslått natur rett utanfor døra og godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Kva ventar deg hjå oss?
Som lege ved Voss DPS får du god tid til pasientretta arbeid.
Er du i LIS3-løp, inngår du i eit strukturert utdanningsløp med rettleiing, undervisning, fordjupingstid og kurs i tråd med læringsmåla for spesialiteten.
Du kan ta fire år lokalt hjå oss, og gjennom avtalen vår med Sandviken sjukehus får du tatt det obligatoriske året med akutt-teneste.
Slik får du dekka alle kompetansemål på ein trygg og forutsigbar måte.
Arbeidstida er kl. 08.00–15.30, og du inngår i ei åttedelt heimevaktordning med bakvakt (overlege) tilgjengeleg for konferering.
Onsdagar er sette av til internundervisning på Sandviken sjukehus, med fordjupingstid i forkant av reisa.
Du blir ein del av eit tett, tverrfagleg team med dyktige fagpersonar.
Me har faste behandlarmøte med god tid til å drøfte saker, eigne vekentlege legemøte og jamleg felles kompetanseheving.
Arbeidsmiljø og kvardagen på Voss
Me er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt.
Hjå oss er det opne dører, låge skuldrer og god takhøgd.
Over ein utsøkt lunsj laga av dei dyktige kokkane våre, gjerne ute i sola når vêret tillèt det, går praten like lett om faglitteratur som om helgas fjellturar.
Vil du halde deg i form, kan du òg bli med på fellestrening i gymsalen vår, delvis i arbeidstida.
Voss ligg midt i smørauget for naturopplevingar på Vestlandet, og byr i tillegg på eit rikt kulturliv med festivalar og arrangement året rundt.
Med hyppige togavgangar til både Bergen og Oslo er det enkelt både å bu her og å pendle.
Ved pendling er det mogleg å få delar av reisetida rekna inn i arbeidstida.
Kven ser me etter?
Du er fagleg engasjert, varm og trygg i møte med andre menneske.
Sidan du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, er det viktig at du er strukturert, god til å planleggje og toler å stå i krevjande situasjonar.
Du trivst med tverrfagleg samarbeid og bidreg positivt inn i eit sosialt og engasjert kollegium.
Arbeidsoppgåver
Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med eit vidt spekter av psykiske lidingar
Tverrfagleg samarbeid internt og samhandling med eksterne instansar
Journalføring i tråd med gjeldande retningslinjer og krav
Rettleiing av fyrstelinja
Bidra aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege
Interesse for psykiatrifaget
Relevant klinisk erfaring er ein fordel
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar blir lagt stor vekt på.
Me tilbyr
Fast 100 % stilling med tiltreding etter avtale
Eit inkluderande og dokumentert godt arbeidsmiljø
Eit sterkt og engasjert fagmiljø med godt tverrfagleg samarbeid
Strukturert utdanningsløp med rettleiing, internundervisning, kurs og fordjupingstid i arbeidstida
Moderne lokale og subsidiert kantine med eigen kokk
Tilgang til felles treningstilbod
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Løn etter avtale/tariff
Moglegheit for å få delar av reisetid rekna som arbeidstid ved pendling
Dokumentasjon på valfri målform (nynorsk eller bokmål)
Høyrest dette ut som noko for deg?
Enten du allereie er godt i gang med spesialiseringa, eller er nyutdanna og nysgjerrig på psykiatrifaget, håpar me å høyre frå deg!
Har du spørsmål om stillinga, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.
Søknadsfrist: snarast.
Tiltreding: etter avtale.
Me utarbeider ikkje offentleg søkjarliste.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Voss DPS NKS Bjørkeli tilbyr eit inkluderande og sterkt fagmiljø med fokus på læring, samarbeid og kvalitet. Dei ligg på Voss, midt i smørauget for naturopplevingar på Vestlandet, med gode togforbindelsar til Bergen og Oslo. Arbeidsmiljøet er prega av opne dører, låge skuldrer og god takhøgd, med eit tett, tverrfagleg team og faste behandlarmøte. Dei har moderne lokale, subsidiert kantine med eigen kokk, og tilbyr tilgang til felles treningstilbod.
- Sted: Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege, LIS, Overlege
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 481198892
- Sist endret:
- Org.nr.: 916270097Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
