Regnskapsrådgjevar
- Søknadsfrist 1.1.2027
- Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
- Sektor Privat
Vil du vere med og skape verdiar for næringslivet i Hardanger?
I Azets Hardanger er vi meir enn berre kollegaer – vi er eit lag som heiar på kvarandre, deler kunnskap og bryr oss om både kundane våre og menneska vi jobbar saman med. No ønskjer vi å styrkje teamet vårt i Øystese med ein ny regnskapsrådgjevar.
Hos oss får du jobbe tett på eit spennande og mangfaldig næringsliv, frå lokale familiebedrifter til større verksemder. Du blir ein viktig rådgjevar som hjelper kundane med å ta gode økonomiske val og utvikle verksemdene sine vidare.
Vi held til midt i vakre Hardanger, og kombinerer det beste av to verdener: det nære og personlege arbeidsmiljøet i avdelinga vår, og dei store moglegheitene som følger med å vere ein del av Azets, eit leiande internasjonalt kompetansemiljø.
Di framtidige rolle og kva Azets kan tilby deg
I Azets arbeider vi moderne. Vi er ein innovatør i marknaden og ligg langt framme i omstillinga til bruk av automatisering, digitalisering og skybaserte løysingar.
Som regnskapsrådgjevar vil du få:
- Eigen kundeportefølje der du har ansvar for å gi kunden rådgjeving og støtte
- Delta i kundemøte og vere kunden sin strategiske partnar innan økonomi
- Gjennomføre rekneskap, rapportering og årsoppgjer for kunden
I Azets er vi òg opptekne av at du som medarbeidar skal få utvikle deg både fagleg og personleg, og alle meiningar blir verdsette hos oss. Vi tilbyr:
- Eit utviklande og triveleg arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Eit selskap som arbeider aktivt for mangfald og inkludering på arbeidsplassen
- Konkurransedyktige vilkår. Har du rett erfaring og innstilling, skal vi møte deg på lønsforventningane dine
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Moglegheit for heimekontor og fleksibel arbeidstid
Kven er du?
- Vi ser etter ein rådgjevar med nokre års relevant erfaring innan regnskap og/eller økonomi, gjerne frå regnskapsbyrå eller revisjon
- Høgare økonomisk utdanning, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for dette
- Har eit kommersielt tankesett
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- For å lukkast og trivast i denne rolla bør du ha god regnskapsforståing, trivast med kundekontakt og relasjonsbygging, og vere løysingsorientert og tillitsskapande.
Hovudarbeidsstaden vil vere i Azets sine lokale i Øystese. Oppstart etter avtale. Søknadsfrist er 1. januar. Vi behandlar søknader fortløpande, og svært aktuelle søkjarar kan bli kontakta før fristen går ut.
Har du spørsmål eller ønskjer å vite meir om stillinga? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Kari Lunestad på telefon 901 80 164.
Ferdigheter AI-generert
- Bokføring
- Finansiell og økonomisk rådgivning
- Handelsutdanning
- Regnskap og bokføring
- Regnskapspraksis
- Utarbeide årsregnskap
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Azets er et internasjonalt konsern som tilbyr tjenester innen regnskap, lønn, rådgivning og konsulenttjenester. Våre 9000 dedikerte medarbeidere i åtte land betjener flere enn 100.000 kunder innenfor et bredt spekter av bransjer i Norden og Storbritannia. I Norge har vi kontorer over hele landet og over 1.000 ansatte.
Azets investerer kraftig i ny teknologi. Vi er en bransjeledende aktør innenfor automatisering, digitalisering og skybaserte løsninger. Målet er alltid at kundene våre skal nyte godt av brukervennlige kundeløsninger med stor nytteverdi.
- Sted: 5610 Øystese
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller, Rådgivning, Regnskap
Spørsmål om stillingen
Kari Lunestad
Arbeidssted
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 481398605
- Sist endret:
- Org.nr.: 983338917Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


