FINNJobbSøkVestlandBjørnafjorden
Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule logo
Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Undervisningsstilling ved Fusa ungdomsskule 100 % vikariat

Vikariat stilling ∙ Heltid ∙ Eikelandsosen
  • Søknadsfrist 29.11.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Undervisning, planlegging og oppfølging av elevar på ungdomstrinnet, samt deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.

Kvalifikasjoner

  • Godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Tilfredsstillande politiattest
  • Kompetanse innan spesialpedagogikk, norsk, engelsk eller naturfag

Hva vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Mentorordning og faste nettverk for nyutdanna lærarar
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Vil du vere med og skape ein god skulekvardag for ungdom?

Fusa ungdomsskule søkjer ein engasjert lærar til eit 100 % vikariat fram til sommaren 2027.
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til gode læringsmiljø, fagleg utvikling og trivsel for elevane våre. Hos oss blir du ein del av eit inspirerande fagmiljø med engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet.

Om arbeidsstaden
Fusa ungdomsskule ligg sentralt i Eikelandsosen, mellom fjord og fjell. Skulen er moderne og flott, med idrettsanlegg og fleirbrukshall like ved.
Skuleåret 20262027 har vi om lag 150 elevar og eit utviklingsorientert og humørfylt personale.

Arbeidsoppgåver
- Undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet.
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning.
- Oppfølging av elevar og samarbeid med føresette og kollegaer.
- Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet. 
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Kompetanse i eitt eller fleire av faga skulen har behov for, er ein fordel.
Nynorsk er administrasjonsmålet i Bjørnafjorden kommune. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir.
Det blir stilt krav om tilfredsstillande politiattest i tråd med opplæringslova.

Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein lærar som:
- Er ein tydeleg og trygg klasseleiar.
- Byggjer gode relasjonar til elevar og vaksne.
- Er fagleg engasjert og open for nye arbeidsmetodar.
- Er fleksibel, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner.
- Har interesse for pedagogisk utviklingsarbeid.

Skulen sine satsingsområde og kompetansebehov

Skulen har særleg fokus på trygge og gode skulemiljø, fagleg og sosial utvikling, lesing og språk.
Vi har særleg behov for kompetanse innan:
- Spesialpedagogikk og individuelt tilrettelagd opplæring (ITO).
- Norsk.
- Engelsk.
- Naturfag.

Søkjarane blir vurderte ut frå skulen sine behov og personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- 
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Faglege og personlege utfordringar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi tilbyr mentorordning og faste nettverk for nyutdanna lærarar.
Vi arbeider for å utvikle ein heiltidskultur i kommunen.
For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens pensjonskasse.

Anna informasjon
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson:
Kristine Helland Mårstig, rektor
Telefon: 56 58 08 00
Mobil: 99 36 55 04
E-post:

Jill Anette Næss, avdelingsleiar
Telefon: 56580800
Mobil: 95424691
E-post: jine@bjornafjorden.kommune.no

Ferdigheter AI-generert

  • Engelsk
  • Naturvitenskap
  • Norsk
  • Nynorsk

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
  • Sted: Brakabygda 43, 5640 Eikelandsosen
  • Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning
  • Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk

Spørsmål om stillingen

JA

Jill Anette Næss

Avdelingsleiar

56 58 08 00Kopier telefonnummer 56 58 08 00
KH

Kristine Helland Mårstig

Rektor

56 58 08 00Kopier telefonnummer 56 58 08 00

Firmaets beliggenhet

Brakabygda 43, 5640 Eikelandsosen

Kart
Søknadsfrist: 10 dager igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

614 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med Bjørnafjorden kommune

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 480887922
  • Sist endret: 13.11.2026, 14:05
  • Org.nr.: 844458312Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse