Driftsingeniør
- Søknadsfrist 8.12.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Vil du bli driftsingeniør i Sunnhordland Kraftlag?
Vil du bidra til å sikra trygg, stabil og effektiv kraftproduksjon – bli driftsingeniør i Sunnhordland Kraftlag!
Ønsker du å arbeida i ein bransje i stor utvikling, der du får ei sentral rolle i å overvaka og optimalisera kraftproduksjon?
Sunnhordland Kraftlag (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg.
Som driftsingeniør i SKL får du ei unik moglegheit til å jobba med avanserte kraftsystem i eit miljø der optimalisering av drift, gjennom omstilling og utvikling, står i fokus.
Du vil få ei viktig rolle i overvaking og styring av våre heil- og deleigde anlegg.
Me har 37 vasskraftanlegg, produksjonsanlegg for hydrogen, fleire vindkraftanlegg.
Du har rolla som leiar for kopling (LFK) og sit med ansvaret når kraftverka våre blir kopla inn og ut.
Arbeidskvardagen er del av ei skiftordning, og er i stor grad prega av sjølvstendig arbeid.
Du tar del i koordinering og planlegging av produksjon og vedlikehald i samarbeid med teknisk drift og krafthandlarane.
SKL er blant dei første i landet med fjernovervaking av hydrogenanlegg og satsar sterkt på digitalisering for å effektivisera kraftproduksjonen.
No går me over til meir automatiserte løysingar, betre dataflyt og tettare overvaking.
Gjer dette deg nysgjerrig?
Då vil me gjerne høyra frå deg!
Din kompetanse:
Relevant ingeniør- eller fagingeniørutdanning, til dømes elkraft, elektro eller automasjon.
Gjerne relevant arbeidserfaring frå kraftproduksjon eller driftskontrollsystem, men nyutdanna er også velkomne til å søka.
God systemforståing og sterke digitale ferdigheiter
Beherskar både norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
Me forventar ikkje at du har erfaring frå ein driftssentral, så fullstendig opplæring vil bli gitt.
Dine personlege eigenskapar:
Du arbeider strukturert og trivst med sjølvstendig arbeid.
Du kan handtera uforutsette utfordringar og evnar å halda roa i stressande situasjonar.
Du trivst med å ha stort ansvar.
Du er flink til å koordinera og kommunisera godt med ulike aktørar.
Du er initiativrik, lærevillig og har teknisk forståing og interesse.
Me tilbyr:
Du får arbeida i ein samfunnskritisk bransje i kontinuerleg utvikling
Eit godt, fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
Fagleg utvikling både internt i selskapet med tilknytta verksemder, og moglegheit for kompetanseheving
Vaktordning der du får koma heim kvar dag, og ei heil friveke kvar sjette veke.
Gode personal- og velferdsordningar.
SKL verdset mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søka uansett kjønn, funksjonsvariasjon og kulturell bakgrunn.
Det blir utført bakgrunnssjekk i samsvar med kraftberedskapsforskrifta på den som blir tilbydd jobben.
Arbeidsstad: Ved vårt kontor på Stord
Har du spørsmål eller ynskjer ein uforpliktande samtale om stillinga?
Ta kontakt med prosjekt- og ressursleiar for driftssentralen i SKL, Espen Pedersen på 417 60 433.
Ferdigheter
- Automatisering
- Elektro (AMO)
- Produksjon av elektrisitet
- Systemoptimering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Norge og eig i kraftverk med samla installert effekt på 875 MW.
Desse produserer årleg omlag 3 200 GWh Vestland- og Rogaland fylke.
Hovudkontoret er på Stord.
SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging.
SKL deltar også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon.
- Sted: lønningsåsen 2, 5417 Stord
- Bransje: Elektronikk, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Elektroingeniør, Fornybar energi
Spørsmål om stillingen
Espen Pedersen
Prosjekt- og ressursleiar for driftssentralen i SKL
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 481351115
- Sist endret:
- Org.nr.: 916435711Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)