Byggingeniør
- Søknadsfrist 3.12.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Byggingeniør søkes til vasskraftprosjekt og VTA-rolle
Vil du vera med å bygga framtidas fornybare kraft, samt ta ansvar for sikkerheita ved vassdragsanlegga våre?
Sunnhordland kraftlag (SKL) søker ein byggingeniør som vil jobba med utbyggings- og rehabiliteringsprosjekt innan vasskraft, og som på sikt skal ta rolla som vassdragsteknisk ansvarleg (VTA).
SKL er i gang med eit av dei største utbyggingsprosjekta i Noreg innan vasskraft, Blåfalli Fjellhaugen kraftverk.
Du får ein sentral plass i eit høgt kompetent prosjektmiljø.
I starten vil hovudvekta liggja på prosjektarbeid, med byggeleiing og oppfølging av entreprenørar.
Parallelt får du opplæring og tett oppfølging i SKL si VTA-gruppe, slik at du byggjer opp den erfaringa som trengst for å bli godkjent VTA av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Arbeidsoppgåver i prosjekt
Byggeleiing på entreprisekontraktar innan grunnarbeid (tunnel) og betongarbeid
Oppfølging av entreprenør når det gjeld sikkerheit, kvalitet og spesifikasjonar i samsvar med kontrakt (NS 8405/8406/8407)
Bistå prosjektleiar med kontraktsoppfølging, målebrev, kvalitetsdokumentasjon og endringshandtering jf NS3420 Beskrivelsestekstar
Koordinering mot tilgrensande fagområde, og fagleg støtte til tekniske løysingar
Delta i prosjekt- og byggemøte
Arbeidsoppgåver VTA (gradvis opptrapping)
Følga opp lovpålagde krav i damsikkerheitsforskrifta og pålegg frå NVE
Halda internkontrollsystemet for vassdragsanlegg oppdatert
Sjå til at SKL etterlever krav til planlegging, prosjektering, bygging og revurdering av anlegga
Delta i vedlikehalds- og rehabiliteringsprosjekt på dammar og vassvegar
Som godkjent VTA vil du ha fagansvar for eksisterande vasskraftanlegg, anlegg under utvikling og bygging, samt inngå i SKL si VTA-gruppe.
Me ser etter deg som
Har minimum bachelor ingeniør innan byggfag med fag som betongfag, statikk, geologi, geoteknikk eller konstruksjonsteknikk.
Har erfaring frå entreprenør-, rådgjevar- eller byggherreverksemd
Kjenner til og har brukt Norsk Standard i kontraktsarbeid
Har interesse for vasskraft, damsikkerheit og omstillinga i energisektoren
Ønskjer å utvikla deg mot VTA rolla.
Det er ein fordel om du allereie er godkjent VTA, men det er ikkje eit krav
Beherskar norsk flytande, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Du jobbar sjølvstendig, systematisk og strukturert, med høge krav til orden
Du trivst med ansvar og set pris på ein arbeidsdag i fjellet
Du har høg etisk standard og legg vekt på SKL sine verdiar og retningslinjer
Hos oss får du
Ein meiningsfylt jobb i eit samla og sterkt team som jobbar på tvers av faggrupper
Ein viktig rolle i gjennomføringa av fleire store vasskraftprosjekt
Ein tydeleg utviklingsveg mot VTA, med opplæring og fagleg oppfølging
Konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidsordning og gode personal- og velferdsordningar
Om du blir tilbydd jobben, vil det bli utført bakgrunnssjekk i samsvar med Kraftberedskapsforskriften.
Ferdigheter
- Byggeledelse
- Geologi
- Geoteknisk undersøkelse
- Ingeniørkunst innen bygningskonstruksjon
- Norsk
- Norsk standard
- NS 3420 Beskrivelsessystem bygg og anlegg
- Statikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vass- og vindkraft i Norge. SKL produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord, med avdelingar i Matre, Kvinnherad og Litledalen, Etne.
SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL eig òg Midtfjellet Vindkraft i Fitjar kommune.
SKL verdset eit arbeidsmiljø der menneske med ulik bakgrunn, kulturell forståing og funksjonsvariasjon kan bidra til innovasjon, vekst og verdiskaping.
- Sted: lønningsåsen 2, 5417 Stord
- Bransje: Bygg og anlegg, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk
Spørsmål om stillingen
Kjetil Heimvik
Avdelingsleiar Utvikling Vasskraft
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 481188005
- Sist endret:
- Org.nr.: 916435711Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)