FINNJobbSøkVestlandBjørnafjorden
Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule logo
Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Konsulent ved Nore Neset ungdomsskule

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Os
  • Søknadsfrist 22.11.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

100 % fast stilling som konsulent med oppgåver innan sakshandsaming, elevregistrering, innkjøp, lønsregistrering og betening av sentralbord.

Kvalifikasjoner

  • Gode digitale ferdigheiter
  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Tilfredsstillande politiattest
  • Erfaring frå skule og kjennskap til budsjett og rekneskap er ønskjeleg

Hva vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Vil du bidra til godt læringsmiljø og gode resultat på skulen vår?

Nore Neset ungdomsskule har frå 01.01.2027 ledig 100 % fast stilling som konsulent.

Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til godt læringsmiljø og gode resultat på skulen vår, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet.

Arbeidsstad
Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2026-2027 har skulen 464 elevar og om lag 65 tilsette. Vi held til i eit flott skulebygg frå 2014 og har eit topp moderne idrettsanlegg like ved. Du kan lese meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no 

Arbeidsoppgåver
Stillinga krev god digital kompetanse og evne til å utvikle og vedlikehalde gode administrasjonsrutinar.
Arbeidsoppgåvene er knytt til sakshandsaming i datasystem for sak og arkiv, bruk av ulike dataprogram for elevregistrering, ansvar for innkjøp, utleige, lønsregistrering, betening av sentralbord og førefallande kontorarbeid.
Stillinga vil og innebere aktiv deltaking i vedlikehald av HMS-system. Kjennskap til budsjett og rekneskap er ein fordel.

Kvalifikasjonar
- Formell kompetanse på høgskulenivå er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- Gode digitale ferdigheiter
- Erfaring frå liknande arbeid
- Erfaring frå skule er ønskjeleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir
Søkjarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålet i Bjørnafjorden kommune. 
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson:
Vivi Irene Fosse

Ferdigheter AI-generert

  • Anskaffelser
  • Back Office-oppgaver
  • Betjene sentralbord
  • Norsk
  • Nynorsk
  • Utleie

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
  • Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
  • Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, Konsulent og rådgivning
  • Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontor og administrasjon, Kontorarbeid

Spørsmål om stillingen

VI

Vivi Irene Fosse

Rektor

91 72 77 24Kopier telefonnummer 91 72 77 24

Firmaets beliggenhet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Kart
Søknadsfrist: 3 dager igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

614 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med Bjørnafjorden kommune

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 480304257
  • Sist endret: 11.11.2026, 13:25
  • Org.nr.: 844458312Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse