Fagansvarleg habilitering
- Søknadsfrist 08.11.2026
- Sektor Offentlig
Vil du vere ein fagleg pådrivar for å utvikle habiliteringstenester?
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Habilitering er ei samla eining under kommunalsjef for helse og velferd. Eininga omfattar Gullsmedvegen bu og avlasting, Lindevika buteneste og Lindevika ambulante tenester.
I Lindevika gir vi tenester til personar med nedsett funksjonsevne og ulike behov for bistand, oppfølging og habilitering. Lindevika buteneste omfattar samlokaliserte bustader og døgnkontinuerlege tenester, medan dei ambulante tenestene gir oppfølging i eigen heim og på andre arenaer i lokalsamfunnet. Tenestene omfattar mellom anna praktisk bistand, opplæring, habilitering og støtte til meistring, sjølvstende og samfunnsdeltaking.
Vi arbeider for å tilby heilskaplege, individuelt tilpassa og fagleg forsvarlege tenester, med respekt for den enkelte si sjølvbestemming, medverknad og rett til eit sjølvstendig liv. Fagutvikling, kvalitet, kompetansebygging og samarbeid står sentralt i arbeidet vårt.
Om stillinga
Vi søker ein fagansvarleg som vil ha ei sentral rolle i utviklinga av fagleg kvalitet i både Lindevika buteneste og Lindevika ambulante tenester. I tillegg vil ein vere del av felles fag - og kvalitetsteam på tvers av eining for habilitering.
Fagansvarleg vil få eit samla fagleg ansvar på tvers av samlokaliserte bistader og ambulerande tenester. Dette krev at du kan arbeide strukturert og sjølvstendig, prioritere mellom ulike behov og bidra til heilskapleg fagleg utvikling i ei teneste med varierte oppgåver og brukarbehov.
Som fagansvarleg får du eit praksisnært ansvar for fag, kvalitet, rettleiing og fagutvikling. Du skal arbeide tett saman med avdelingsleiarane og medarbeidarane, og vere ein pådrivar for gode arbeidsmetodar, systematisk kvalitetsarbeid og fagleg forsvarlege tenester.
Stillinga inneber mellom anna å:
- rettleie og støtte tilsette i faglege problemstillingar og krevande situasjonar
- bidra til opplæring, kompetansebygging og implementering av faglege metodar og rutinar
- følge opp tiltak, evaluere praksis og bidra til at tenestene er tilpassa den enkelte sine behov
- arbeide systematisk med kvalitet, dokumentasjon, risikovurderingar og faglege avvik
- bidra til å førebygge tvang og handtere faglege problemstillingar knytte til utfordrande åtferd, vald og truslar
- freme brukarmedverknad, sjølvbestemming og prinsippa i CRPD - FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne
- bidra til utvikling av personsentrert praksis, relasjonskompetanse, miljøterapi og målretta miljøarbeid
- støtte utviklinga av habilitering i eigen heim, meistring, koordinering og samfunnsdeltaking i dei ambulante tenestene
- bidra til utvikling og forbetring av prosedyrar, kvalitetssystem og arbeidsmetodar
- identifisere kompetansebehov og ta initiativ til faglege tiltak og kontinuerleg forbetring
- samarbeide med tenestemottakarar, pårørande, spesialisthelsetenesta og andre relevante samarbeidspartnarar
- bidra til gode digitale og innovative løysingar i tenestene.
Du vil ha eit sjølvstendig fagleg mandat og mynde til å rettleie personell, initiere faglege tiltak og følge opp vedtekne faglege endringar. Stillinga har ikkje personalansvar. Avdelingsleiarane har ansvar for den daglege drifta og personalsakene, og eit tett samarbeid mellom fagansvarleg og avdelingsleiarane er derfor avgjerande.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Relevant helse- eller sosialfagleg utdanning på bachelorgradsnivå.
- Relevant erfaring frå helse- og omsorgstenester, habilitering eller arbeid med personar med nedsett funksjonsevne.
- God fagleg forståing for målretta miljøarbeid, habilitering og fagleg forsvarlege tenester.
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å arbeide systematisk med fagleg dokumentasjon.
- Førerkort klasse B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Internasjonale gradar må vere godkjent av Direktoratet for Høyere utdanning og kompetanse
Det er ønskeleg med:
- Erfaring med fagleg rettleiing, opplæring og kompetanseutvikling.
- Erfaring med arbeid knytt til kapittel 9, førebygging av tvang og handtering av utfordrande åtferd.
- Kompetanse innan psykisk helse, somatikk, relasjonskompetanse og traumebevisst praksis.
- Erfaring frå ambulante tenester, habilitering i eigen heim eller oppfølging av personar med samansette bistandsbehov.
- Erfaring med kvalitetsarbeid, risikovurderingar, prosedyrar og kontinuerleg forbetring.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- er fagleg trygg og engasjert, og som ønsker å bidra til utvikling av gode tenester
- arbeider strukturert og sjølvstendig, og evnar å prioritere når fleire faglege behov må følgast opp samstundes
- er fleksibel og løysingsorientert, og kan tilpasse deg ein variert arbeidskvardag på tvers av to tenesteområde
- har gode samarbeidsevner og bygger tillit i møte med medarbeidarar, tenestemottakarar og pårørande
- er ein tydeleg og inkluderande rettleiar som bidreg til læring, refleksjon og fagleg utvikling
- er initiativrik og tek ansvar for å identifisere utfordringar og sete i verk forbetringstiltak
- har gode relasjonelle ferdigheiter og møter menneske med respekt, forståing og eit personsentrert perspektiv
- er trygg i krevande faglege situasjonar og evnar å balansere omsynet til den enkelte med krav til kvalitet og forsvarleg praksis
- ser verdien av heilskaplege tenester, brukarmedverknad, sjølvbestemming og kontinuerleg utvikling.
- Vi legg stor vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr
- gode pensjons og forsikringsordninger
- ei sentral fagstilling med reell påverknad på tenesteutviklinga
- eit tydeleg fagleg mandat
- tett samarbeid med avdelingsleiar og eit samla fag- og kvalitetsteam
- moglegheit til å utvikle både eigen og organisasjonen sin kompetanse
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- eit fagmiljø med fokus på kvalitet, utvikling og læring
- høve til å påverke framtidas habiliteringstenester
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
- løn etter kvalifikasjoner
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Ferdigheter AI-generert
- Helsevitenskap
- Pleie og omsorgsarbeid
- Psykologiske helsetjenester
- Utvikle styringssystem
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sted: Lindevika 20, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Kontor og administrasjon, Vernepleier/miljøterapeut
Spørsmål om stillingen
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 479239898
- Sist endret:
- Org.nr.: 941139787Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


