Rådgjevar - vikariat energi
- Søknadsfrist 04.11.2026
- Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Rådgjevar - vikariat energi
Stillinga har hovudvekt på sakshandsaming av høyringssaker knytt til kraftnett og ny fornybar energiproduksjon. I tillegg vil du arbeide med innspel til høyringar om lov og forskriftsendringar på energiområdet. Du vil få ein sentral rolle i fylkeskommunen sitt energifaglege arbeid, og vil koordinere innspel frå ulike delar av organisasjonen.
Stillinga er eit vikariat, då vår faste medarbeidar på feltet skal ut i foreldrepermisjon.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsame høyringssaker om kraftnett og ny fornybar energiproduksjon, og utarbeide fylkeskommunen sine høyringssvar
- Følgje med på og gje innspel til høyringar om lov og forskriftsendringar på energifeltet
- Gjere energifaglege vurderingar som grunnlag for fylkeskommunen sine uttalar og vedtak
- Koordinere innspel frå ulike delar av fylkeskommunen slik at høyringssvara er heilskaplege og godt forankra
- Skrive politiske saker til folkevalde organ om aktuelle energisaker som er ute på høyring
- Halde oversikt over høyringsfristar og bidra til god framdrift i sakshandsaminga
- Byggje og halde ved like kontakt med relevante samarbeidspartar, til dømes nettselskap, energiselskap, statlege styresmakter og andre regionale aktørar
- Bidra til fagleg oppdatering internt om utviklinga på energi og kraftnettfeltet
- Samarbeide med kollegaer for å samle opplysningar til gode saksgrunnlag
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- relevant høgare utdanning, til dømes innan energi, energirett, samfunnsplanlegging, statsvitskap, jus eller tilsvarande (master er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav). Vi oppfordrar også nyutdanna å søke. Søkjarar med mastergrad vil bli tilsett som rådgjevar. Søkjarar med
bachelorgrad vil bli tilsett som spesialkonsulent - kjennskap til energisektoren, kraftnett og/eller fornybar energiproduksjon
- erfaring med sakshandsaming i offentleg forvaltning, gjerne med politiske saker
- god skriftleg framstillingsevne og evne til å formidle fagleg innhald på ein forståeleg måte
- evne til å koordinere og samarbeide på tvers av fagmiljø
- sjølvstendig arbeidsform, god struktur og evne til å halde fristar
- kjennskap til kraft- og energisituasjonen i Vestland
Det er ein fordel om du har kjennskap til regelverk på energiområdet og erfaring med høyringsprosessar i offentleg sektor.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig
- har gode samarbeids- og gjennomføringsevner
- er god til å opprette gode relasjonar
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og kan nytte nynorsk somarbeidsspråk
- er samfunnsinteressert og har gode allmennkunnskaper
- er strukturert
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på i rekrutteringa.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- mogligheit for heimekontor
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontorstad er Bergen. Det kan vere aktuelt med Florø som kontorplass, om det er ønskeleg for den som vert tilsett og praktiske spørsmål rundt kontorplass let seg løyse.
Ferdigheter AI-generert
- Arbeidsprosesser, krav og teknisk informasjon innenfor energi sektoren
- Nynorsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Kraft og energi, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Rådgivning, Saksbehandler
Spørsmål om stillingen
Sølve Dag Sondbø
seksjonssjef
Firmaets beliggenhet
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 479217065
- Sist endret:
- Org.nr.: 974783223Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


