Enhetsleder - fast -
- Søknadsfrist 28.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø
Vil du vere med å forme framtida i Midt-Telemark? Då håpar vi å høyre frå deg!
Midt-Telemark kommune er ein kommune i vekst med stor aktivitet innan bygg, arealforvaltning og samfunnsutvikling. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert leiar til eit viktig fagområde i kommunen.Som leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø får du ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Du vil leie eit fagmiljø med ansvar for reguleringsplanar, byggesaker, oppmåling og saker etter forureiningslova. Gjennom arbeidet ditt er du med på å leggje til rette for gode og framtidsretta løysingar for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn.
Eininga består i dag av åtte dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som leiar har du ansvar for fagleg kvalitet, økonomi og personal, og du vil vere ein viktig samarbeidspartnar både internt i kommunen og overfor innbyggjarar, utbyggjarar og andre aktørar.
Vi ser etter deg som trivst med leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og gode tenester.
Arbeidsoppgåver
- Leie eininga
- Ivareta kvaliteten og følge opp sakshandsaming
- Være pådrivar og delta i samfunnsutviklinga i Midt-Telemark
- Delta i kommunalsjefen si leiargruppe
- Delta i kommunalt planarbeid
- Delta i politiske møter
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjoner:
- Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå
- Leiarutdanning eller relevant leiarerfaring
- God og oppdatert kunnskap om plan- og bygningslova
- God økonomi- og budsjettforståing
Ønska kompetanse
- Arbeidserfaring innan fagområda
- Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som brenn for samfunns og arealplanlegging
- Du må være opptatt av ei ryddig og effektiv saksbehandling
- Evne til å bygge relasjonar gjennom involvering og medverknad
- Uttrykke tydelege forventningar, gje støtte, utvikle og inspirere medarbeidarar
- Evne til å arbeide målretta og systematisk
Personlege egenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Hyggelege, motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Ferdigheter AI-generert
- Endringsarbeid og bidra til utvikling av plansaksbehandlingen
- Forurensningsloven
- Økonomistyring
- Saksbehandle søknader
- Utarbeidelse av reguleringsplaner
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
- Sted: Gullbringvegen 20, 3800 Bø i Telemark
- Bransje: Annet, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
Enhetsleder, Virksomhetsleder
Spørsmål om stillingen
Hans Kortner Ryen
Kommunalsjef Teknisk
Firmaets beliggenhet
Gullbringvegen 20, 3800 Bø i Telemark
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 478761966
- Sist endret:
- Org.nr.: 920297293Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

