FINNJobbSøkVestlandØygarden
Øygarden kommune - Ågotnes skule logo
Øygarden kommune - Ågotnes skule
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Rektor - Ågotnes skule

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Straume
  • Søknadsfrist 27.10.2026
  • Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Lede det pedagogiske utviklingsarbeidet, økonomi, forvaltning og overordnet personalansvar ved Ågotnes skule.

Kvalifikasjoner

  • Godkjent lærerutdanning
  • Ledererfaring fra grunnskolen
  • Kompetanse innen ledelse av ansattes læring og utvikling
  • Gode norskkunnskaper, skriftlig og muntlig
  • Digital kompetanse

Hva vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Rektor - Ågotnes skule

Ågotnes skule er ein barneskule med 240 elevar og om lag 45 tilsette. Skulen sin visjon er: «Ågotnes skule ein god stad å vere, ein god stad å lære».  Gjennom denne visjonen har skulen vektlagt lesing som satsingsfelt i fleire år og arbeidd systematisk med å vidareutvikle eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø på skulen. Ågotnes har mellom anna vore med i ein pilot om utprøving av programmet SUPER! og har blitt sertifisert som ein Dysleksivennleg skule. Arbeidet i SFO er ein viktig del av det heilskaplege arbeidet på skulen.

Skulen har nynorsk som målform.

Som namnet tilseier så ligg skulen på Ågotnes , om lag 30 minutt køyring til Bergen sentrum, og bussterminal like ved skulen.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i lag med leiarteamet
  • Økonomiansvar 
  • Forvaltningsoppgåver 
  • Overordna personalansvar 
  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon 
  • Samarbeide med politisk og administrativt nivå 
  • Samarbeid med andre instansar 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Godkjent lærarutdanning
  • Leiarerfaring frå grunnskulen
  • Kompetanse om leiing av dei tilsette si læring og utvikling
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse er naudsynt for stillinga

Ønskjeleg med:

  • Relevant leiarutdanning 
  • Erfaring innan personalleiing og økonomistyring 
  • Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging

Vi ser etter deg som: 

  • Er tydeleg, løysningsorientert og har fokus på organisering 
  • Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede 
  • Har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar 
  • Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Ferdigheter AI-generert

  • Utdanningsadministrasjon

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.

Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
  • Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Barn, skole og undervisning
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Rektor / Ass. Rektor

Spørsmål om stillingen

RG

Rune Golf

90 97 08 02Kopier telefonnummer 90 97 08 02

Firmaets beliggenhet

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Kart
Søknadsfrist: 13 dager igjen
Legg til som favoritt

431 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med ØYGARDEN KOMMUNE

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 478649890
  • Sist endret: 13.10.2026, 15:25
  • Org.nr.: 922530890Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse