FINNJobbSøkMøre og RomsdalUlstein
Ulstein Verft AS logo
Ulstein Verft AS
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

HR Coordinator

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Ulsteinvik
  • Søknadsfrist 27.10.2026
  • Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Privat

Kortversjonen

HR-koordinator med fokus på HR-administrasjon, oppfølging av arbeidstid, sykefravær, rekruttering og kompetanseheving i skipsbyggingsområdet.

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning innen HR og administrasjon
  • Erfaring fra HR-administrativt arbeid er en fordel
  • Systemforståelse
  • Grunnleggende forståelse for arbeidsrett og HR-prosesser

Hva vi tilbyr

  • Mulighet for faglig utvikling innen HR og maritim industri
  • Konkurransedyktige vilkår
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

HR Coordinator

Vil du jobbe tett på menneske og drift i ein spanande maritim kvardag? Vi søker ein ny medarbeidar til HR teamet vårt, som kan bidra til å sikre god HR støtte i eit inkluderande miljø.
Som HR‑koordinator blir du ein viktig støttespelar i HR‑teamet og i samhandling med leiarar og tilsette i skipsbyggingsområdet i Ulsteinkonsernet. Stillinga vil ha fokus på HR‑administrasjon og etterleving av gjeldande lover og regelverk.
Du vil jobbe tett på verksemda og menneska, der struktur, samhandling og kvalitet er avgjerande.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere og støtte HR‑prosessar gjennom heile medarbeidarsyklusen
  • Administrere og kvalitetssikre person- og stillingsdata i HR‑systema
  • Bidra i oppfølging av prosessar mellom anna innan
    • Arbeidstid
    • Sjukefråvær
    • Kompetanseheving (Ulstein Academy)
    • Dokumentasjon knytt til lov‑ og avtaleverk
  • Bidra i rekrutteringsprosessar, samt on- og offboarding
  • Bidra til forbetring og standardisering av HR‑rutinar og prosesser
  • Generell HR støtte til organisasjonen

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan HR og administrasjon
  • Erfaring frå HR‑administrativt arbeid er ein fordel
  • Systemforståing
  • Grunnleggande forståing for arbeidsrett og HR prosessar

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsorientert og tydeleg i kommunikasjon
  • Evne til å skape tillit og gode relasjonar
  • Serviceinnstilt, fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ei spanande HR‑stilling i ei framtidsretta maritim verksemd
  • Arbeid tett på dei menneskelege ressursane
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling innan HR og maritim industri
  • Konkurransedyktige vilkår

Ferdigheter AI-generert

  • Arbeidsmiljøloven (Norge)
  • HR prosesstyring
  • Human Resources informasjonssystem (HRIS)
  • Personaladministrasjon
  • Tid og fravær (personaladministrasjon)

Om arbeidsgiveren

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

  • Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
  • Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
  • Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Maritim og offshore
  • Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering

Nøkkelord

HR, HR & Administrasjon, HR koordinator, HR & Ledelse

Spørsmål om stillingen

AH

Ann-Kristin Hatløy Fiskaa

HR Manager

95 02 24 68Kopier telefonnummer 95 02 24 68

Firmaets beliggenhet

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Kart
Søknadsfrist: 13 dager igjen
Legg til som favoritt

136 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med Ulstein Verft AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 478561405
  • Sist endret: 12.10.2026, 13:09
  • Org.nr.: 912447561Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse