FINNJobbSøkVestlandTysnes
Alsaker Fjordbruk logo
Alsaker Fjordbruk
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Driftsleiar matfisk

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Onarheim
  • Søknadsfrist 1.11.2026
  • Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Driftsleder for sjølokaliteter i Sør-Rogaland med ansvar for daglig drift, personaloppfølging av ca. 10 ansatte og fiskevelferd.

Kvalifikasjoner

  • Erfaring fra havbruk og god forståelse for drift, fiskevelferd og biosikkerhet
  • Ledererfaring eller gode lederegenskaper
  • Utdanning innen havbruk, akvakultur eller tilsvarende er en fordel

Hva vi tilbyr

  • Lederstilling med ansvar for flere lokaliteter
  • Mulighet til å arbeide med fremtidsrettet teknologi innen havbruk
  • Sterkt fagmiljø og gode utviklingsmuligheter
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vil du vere med å utvikle framtidas havbruk?

Vil du vere med å utvikle framtidas havbruk?

For å styrkje driftsleiinga i Rogaland søkjer Alsaker Fjordbruk ein engasjert og operativ driftsleiar for sjølokalitetar.

Som driftsleiar får du ei sentral rolle i den daglege leiinga av våre lokalitetar i Sør-Rogaland.

Du vil ha ansvar for personaloppfølging, koordinering av drift og vidare utvikling av området i tett samarbeid med driftssjef.

Arbeidskvardagen vil vere variert og operativ, gjennom jamleg nærvær på lokalitetane.

Det må reknast med noko reising mellom anlegga og deltaking på møte ved hovudkontoret på Onarheim.

Ansvarsområdet omfattar Ryfish AS sine Globe-anlegg i Lysefjorden.

Anlegga er ein del av konsernet si satsing på lukka oppdrettsteknologi og fungerer samtidig som visningsanlegg for kundar og samarbeidspartnarar.

Stillinga omfattar også lokalitetane Ådnøy i Høgsfjorden ved Høle og Rossholmen på Mosterøy, tilhøyrande Nordsjø Fjordbruk AS.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og koordinering av den daglege drifta ved Ryfish AS, samt lokalitetane Ådnøy og Rossholmen
  • Personalansvar og oppfølging av om lag 10 medarbeidarar
  • Planlegging og koordinering av arbeidsoperasjonar
  • Oppfølging av fiskevelferd, biosikkerheit, kvalitet og HMS
  • Oppfølging av drift, vedlikehald og produksjon
  • Samarbeid med driftssjef, fiskehelseteneste og støttefunksjonar
  • Bidra til vidare utvikling av teknologi, arbeidsmetodar og driftsrutinar
  • Bidra til gode opplevingar for besøkande ved våre visningsanlegg

Me ser etter deg som:

  • Har erfaring frå havbruk og god forståing for drift, fiskevelferd og biosikkerheit
  • Er ein tydeleg leiar som motiverer, utviklar og følgjer opp medarbeidarar
  • Tenkjer heilskapleg, tek eigarskap og får ting gjennomført
  • Er løysingsorientert, strukturert og trivst i ein variert arbeidskvardag
  • Kommuniserer godt og samarbeider godt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
  • Relevant utdanning innan havbruk, akvakultur eller tilsvarande er ein fordel.
  • Me legg likevel størst vekt på relevant erfaring, leiareigenskapar og personlege eigenskapar.

Me kan tilby

  • Ei spennande leiarstilling med ansvar for fleire lokalitetar
  • Moglegheit til å arbeide med framtidsretta teknologi innan havbruk
  • Varierte arbeidsdagar og dyktige kollegaer
  • Eit sterkt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter
  • Ei sentral rolle i eit av Noregs leiande havbrukskonsern

Ferdigheter

  • Akvakultur
  • Lederegenskaper
  • Oppfølging av fiskehelse og fiskevelferd
  • Prosessoptimalisering (produksjonsprosesser)

Om arbeidsgiveren

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er det største privateigde oppdrettskonsernet i Sør-Norge, med  36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, stamfiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 500 tilsette i Hordaland og Rogaland.  Les om oss på  www.alsaker.no

  • Sted: Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
  • Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
  • Bransje: Fiskeri og oppdrett
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Produksjon

Nøkkelord

havbruk, driftsleiar, akvakultur, laks, oppdrett

Spørsmål om stillingen

ØB

Øyvind Bokn

Driftssjef

99 21 01 93Kopier telefonnummer 99 21 01 93

Firmaets beliggenhet

Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen
Legg til som favoritt

164 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med Alsaker Fjordbruk AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 478556036
  • Sist endret: 13.10.2026, 10:52
  • Org.nr.: 979494009Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse