FINNJobbSøkVestlandBjørnafjorden
Bilde fra arbeidsgiver
Bufetat logo
Bufetat
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Miljøterapeut  (helg 37,48%)

Fast stilling ∙ Deltid ∙ Søfteland
  • Søknadsfrist 18.10.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Miljøterapeutisk arbeid med ungdom ved Skjoldvegen barnevernsenter, avdeling Søfteland. Stillingen innebærer helgearbeid og praktiske oppgaver.

Kvalifikasjoner

  • 3-årig sosialfaglig høyskoleutdanning (sosionom, barnevernspedagog, vernepleier) eller annen relevant bachelor
  • God skriftlig og muntlig framstillingsevne på norsk
  • Førerkort klasse B
  • God kunnskap i bruk av dataverktøy
  • Politiattest kreves ved ansettelse

Hva vi tilbyr

  • Arbeid hver 3. helg (kveldsvakt fredag-søndag) med en langvakt onsdagen i forkant
  • Lønn etter statlig regulativ basert på utdanning og erfaring
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode låne- og pensjonsordninger
  • Muligheter for faglig og personlig utvikling og veiledning
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Bli med å bidra til ein trygg barndom, gode oppvekstsvilkår, og trygge familiar i eit inkluderande og likestilt samfunn.

Om stillinga og arbeidsstaden

Ein god barndom varar livet ut.

I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Vi ligg i front internasjonalt innafor våre fagfelt når det kjem til kunnskapsbasert praksis, der vi både bidreg til og praktiserar den aller siste forskinga. Hos oss møter du ein arbeidskultur prega av åpenheit og nytenking.

Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låser deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben. For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønskjer vi derfor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.

Skjoldvegen barnevernsenter er ein omsorgsinstitusjon for barn og unge i alderen 13 - 18 år, under Bufetat, region vest. Vi tek imot ungdom som har vedtak etter Lov om barneverntjenester §§ 3.1, 3.2 og 5.1.

Senteret har to avdelinger; Søfteland og Fyllingsdalen med til sammen 7 plasser. Avdeling Søfteland ligg i Bjørnafjorden kommune og har plass til 4 ungdomar.

Skjoldvegen barnevernsenter har sitt faglege rammeverk i Barnets behov i sentrum. I tillegg har avdelingen etablert gode rutiner etter traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen (OEM) for å etablere ei profesjonell omsorgsramme som legg til rette for endring og utvikling.

Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland har ledig ei 37,48 % fast deltidsstilling med oppstart så snart som mogleg.
Stillinga inneber for tida arbeid 3. kvar helg (kveldsvakt fredag-søndag), med ei langvakt onsdagen i forkant.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.

Stillinga som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med Barnets behov i sentrum, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeidar både sjølvstendig og i team, og deltek i fagmøter og i rettleiing som vert gitt i høve modellen.

Arbeidsoppgåver

Skjoldvegen barnevernsenter arbeider etter rammeverket Barnets behov i sentrum. Avdelinga har gode rutiner i arbeid med traumebevisst omsorg og Omsorgs- og endringsmodellen (OEM). Dette i kombinasjon gjer oss betre i stand til å møte ungdomane sine behov, fremme trivsel og støtte deira utvikling i en positiv retning. 

Vi treng derfor at du kan:

  • Til ei kvar tid halde deg oppdatert på fagmodellar og anna fagleg og juridisk rammeverk.
  • Støtte personalet i oppfølging av planar i samarbeid med ungdom.
  • Motivera og engasjera ungdomane i endringsarbeid, samt sikre at ungdomane får medverka i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
  • Motivera og engasjera ungdomane til aktivitetar både innanfor og utanfor avdelingen.
  • Delta i overlapping ved vaktskifte, ha ansvar for praktiske oppgåver og rutiner i institusjonen.

Kva bakgrunn har du?

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, med hovedsakleg 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast. Kandidatar som er utan høgskuleutdanning, som har relevant erfaring og er godt personleg eigna for stillinga, kan og søkje.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Kjennskap til barnevernlova og barnevernets arbeid er ønskjeleg, og det er ei føremon om du kjenner til rettigheitsforskrifta for barn og unge.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.

Du evner å:

  • bygge relasjonar.
  • la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre.
  • arbeide sjølvstendig, metodisk og i team.
  • analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
  • halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.


Vidare ønskjer vi at: 

  • du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
  • du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
  • du ønskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
  • du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
  • du er punktleg.
  • du har god fysisk og psykisk helse.

Personlege eigenskapar vert særlig vektlagt ved tilsetjing.

Skjoldvegen barnevernsenter har lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. 
Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er viktig.

Kva får du hos oss?

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 640 000 pr. år. 
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 - 690 000 pr. år. 
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 - 690 000 pr. år. 
  • For søkjarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 - 530 000 pr. år, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 - 540 000 pr. år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 - 560 000 pr. år. 
  • Løn vurderast i henhold til utdanning og arbeidserfaring.
    Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Frå lønn blir 2% pensjonsinnskot trekt. 

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Skjoldvegen barnevernsenter.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
  • For å bli vurdert som søkjar må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. 
  • Ber om at du legg ved kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde? 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik samt dokumentasjon om førarkort for personbil kl. B.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. 

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter AI-generert

  • Dokumentasjonsverktøy

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

  • Sted: Haugane 15, 5212 Søfteland
  • Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

TT

Thomas Thomassen

Avdelingleder

46 61 66 29Kopier telefonnummer 46 61 66 29

Firmaets beliggenhet

Haugane 15, 5212 Søfteland

Kart
Søknadsfrist: 12 dager igjen
Legg til som favoritt

5380 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Bufetat (Barne,- ungdoms- og familieetaten) logo

Bufetat (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Vil du jobbe hos oss?
  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
  • Følg oss på Facebook
  • Følg oss på LinkedIn
Les mer på nettsiden vår

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 477501906
  • Sist endret: 28.9.2026, 13:19
  • Org.nr.: 986128468Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse