Helsesekretær - 50% vikariat
- Søknadsfrist 08.10.2026
- Sektor Offentlig
Helsesekretær - 50% vikariat
Ledig vikariat som helsesekretær i 50%
Eikelandsosen Legekontor søkjer etter ein motivert og engasjert helsesekretær til vikariat frå snarast og i 6 månader.
Vi er eit 4-legepraksis og held til i romlege, lyse lokale. Lokale har m.a. akuttstove, sårstove og laboratorie med Spirometri, EKG og 24 t BT kopla opp mot epj. Eikelandsosen er samlokalisert med legevakt og legesenteret er fullt utstyrt med akuttmedisinsk utstyr. Her vil du få ein spennande kvardag i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsstad
Eikelandsosen legekontor, Bjørnafjorden kommune
Arbeidsoppgåver
- Timebestillingar
- Telefonservice og pasientinformasjon
- Pasienthåndtering på laboratoriet og sårstove
- Assistering av legane
- Journalføring (Infodoc)
- Anna pasientretta praktisk arbeid i samarbeid med lege
- Anna administrativt arbeid
Kvalifikasjonar
- Du har autorisasjon som helsesekretær eller helsefagarbeidar
- Det er ønskeleg at du har erfaring frå legekontor
- Det er ønskeleg med erfaring i Infodoc journalsystem
- Du beherskar godt norsk både skriftleg og munnleg
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar, og ønsker at du har utprega serviceinnstilling, er samarbeidsorientert og kan jobbe sjølvstendig
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Ved tilsetting må du leggje fram gyldig politiattest i samsvar med § 20a i helsepersonellova.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Ferdigheter AI-generert
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Klinisk pasientarbeid
- Norsk
- Resepsjonsarbeid på sykehus eller legekontor
- Sårstell
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sted: Torggata, 5209 Os
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Helsesekretær
Nøkkelord
helsesekretær, legekontor, helsefagarbeider, helsefag, helsepersonell
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 477192845
- Sist endret:
- Org.nr.: 844458312Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
