FINNJobbSøkRogalandVindafjord
Vindafjord kommune logo
Vindafjord kommune
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Einingsleiar for heimetenesta

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Ølen
  • Søknadsfrist 14.10.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Helhetlig ansvar for fag, personal og økonomi for hjemmetjenestene i Vindafjord kommune, med arbeidssted i Ølen.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høyere utdanning, gjerne innen helse- og sosialfag
  • Ledererfaring med personalansvar og økonomioppfølging
  • God forståelse for helse- og omsorgstjenester
  • God skriftlig og muntlig fremstillingsevne på norsk
  • Fordel med lederutdanning og erfaring fra kommunale tjenester

Hva vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Mulighet for videreutvikling som leder
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vil du vere med å forme framtidas heimetenester i Vindafjord?

Å kunne leve eit trygt og godt liv heime handlar om å meistre kvardagen og få god hjelp når det trengst. Når fleire vil trenge oppfølging heime i åra framover, blir det viktig å utvikle tenester som gir tryggleik, kontinuitet og hjelp tilpassa den enkelte.

Som einingsleiar får du forme korleis heimetenestene i Vindafjord skal møte desse behova. Saman med tre avdelingsleiarar og medarbeidarane får du byggje vidare på kompetansen i tenestene og utvikle nye løysingar. Innsikt i kvardagen til innbyggjarane, dei pårørande og medarbeidarane blir utgangspunktet for å finne gode måtar å organisere arbeidet, bruke kompetansen og samarbeide på.

Heimetenestene omfattar indre sone, ytre sone og dagtilbod for eldre, kvar med sin avdelingsleiar. Eininga har 59 tilsette fordelte på 44 stillingsheimlar og ei økonomisk ramme på om lag 53 millionar kroner i 2026.

Einingsleiaren rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg og inngår i leiargruppa for området. Arbeidsstaden er på rådhuset i Ølen, med jamleg nærvær og tett kontakt med avdelingane.

Dine viktigaste ansvarsområde

  • Ha heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, med vekt på forsvarlege tenester, god ressursbruk og drift innanfor vedtekne rammer.
  • Støtte og følgje opp dei tre avdelingsleiarane, og samle leiarteamet om felles retning og prioriteringar.
  • Leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra, bruke kompetansen sin og utvikle seg fagleg.
  • Sikre kvalitet og pasienttryggleik gjennom systematisk oppfølging og forbetringsarbeid.
  • Vidareutvikle organisering og arbeidsmåtar, og gjennomføre endringar saman med medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta.
  • Styrkje samanhengen i kommunen sitt tenestetilbod gjennom samarbeid på tvers og medverknad frå brukarar og pårørande.

Kven ser me etter?

Me søkjer ein leiar med relevant høgare utdanning, gjerne innan helse- og sosialfag, og leiarerfaring med personalansvar og økonomioppfølging. God forståing for helse- og omsorgstenester er viktig. Leiarutdanning og erfaring frå kommunale tenester er ein fordel. Stillinga krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Bakgrunnen din kan vere frå heimetenester eller andre delar av helse- og omsorgstenestene. Me legg vekt på erfaring med å utvikle medarbeidarar, prioritere ressursar og gjennomføre forbetringar saman med andre. Me ønskjer også søkjarar som vil ta steget frå avdelingsleiing til eit større leiaransvar.

Som leiar er du lyttande og tydeleg, skaper tillit og gir rom for faglege innspel. Du samlar folk om felles prioriteringar, tek avgjerder og følgjer opp. Evna til å sjå behova i eiga eining i samanheng med kommunen sitt samla tilbod blir viktig for å lukkast.

Ei leiarrolle med breidde, påverknad og meining

Her får du kombinere nærleik til menneske og fag med høve til å påverke eit heilt tenesteområde. Dei tre avdelingsleiarane blir sentrale samarbeidspartnarar, både om det som krev merksemd i kvardagen, og om løysingar som skal fungere over tid.

Gjennom leiargruppa for helse og omsorg får du kollegaer å dele erfaringar og drøfte felles utfordringar med. Stillinga gir høve til å utvikle deg vidare som leiar og bidra til felles løysingar som får betydning utover eiga eining.

Vindafjord kommune tilbyr løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Fram til søknadsfristen vil alle søkjarar bli handsama konfidensielt. Me gjer merksam på at det etter søknadsfristen vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om det er bede om unntak frå den offentlege søkjarlista. Dersom eit slikt ynske ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla før den offentlege søkjarlista blir utarbeidd.

Ferdigheter AI-generert

  • Kvalitetssikring

Om arbeidsgiveren

Vindafjord kommune er ein vital og sentral kommune med om lag 9100 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg om lag 5 mil frå Haugesund og er senteret for indre Haugalandet. Det er stor aktivitet i næringsliv, kultur og friluftsliv i kommunen. Tenestetilbodet er godt utbygd for born, unge og eldre. Kommunen ligg strategisk til mellom fjord og fjell med gode høve til eit allsidig friluftsliv. Vi har stor tru på og ønske om vekst i framtida. For meir informasjon sjå vindafjord.kommune.no

  • Sted: Ølen, 5580 Ølen
  • Bransje: Helse og omsorg, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse, Sykepleier

Nøkkelord

Helse og omsorg, Hjemmebaserte tjenester, virksomhetsleder, Avdelingsleder, enhetsleder

Spørsmål om stillingen

TM

Tom Monclair Larsen

Direktør Search & Selection

98 29 51 41Kopier telefonnummer 98 29 51 41
SG

Sigurd Gjerdevik

Kommunalsjef helse og omsorg

41 24 22 99Kopier telefonnummer 41 24 22 99

Firmaets beliggenhet

Ølen, 5580 Ølen

Kart
Søknadsfrist: 7 dager igjen
Legg til som favoritt

1091 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med Personalhuset Search & Selection

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 476992723
  • Sist endret: 21.9.2026, 16:03
  • Org.nr.: 982742765Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse