Konsulent / spesialkonsulent – dokumentasjonsforvaltning
- Søknadsfrist 11.10.2026
- Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Konsulent / spesialkonsulent – dokumentasjonsforvaltning
Dokumentsenteret arbeider med det daglege og løpande dokumentasjonsarbeidet i Vestland fylkeskommune, og legg til rette for god journalføring- og arkiveringspraksis i heile organisasjonen. Vi driv også med rettleiing og støtte til fagavdelingane.
Vi har no ledig ei fast stilling med kontorstad i våre moderne og funksjonelle lokale på Leikanger. Som medarbeidar i dokumentsenteret blir du del av eit stort fagmiljø, og du får bidra til openheit, kvalitet og tillit i den fylkeskommunale forvaltninga.
Dokumentsenteret er i utvikling, og vi arbeider kontinuerleg med å tilpasse oss nye behov, teknologi og arbeidsmåtar. Hos oss får du derfor ein variert arbeidskvardag, der du både bidreg i den daglege drifta og får vere med på å vidareutvikle tenestene våre. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, omstillingsdyktig og som trivst med å finne gode løysingar saman med andre.
Dersom du trivst med systematisk arbeid, har auge for kvalitet og ønskjer å bidra til ei profesjonell forvaltning, kan det vere nettopp deg vi er på leit etter – enten du er nyutdanna eller erfaren. Stillinga er ledig omgåande.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og journalføring av elektronisk og digital post, samt innskanna fysisk post og anna saksdokumentasjon
- Kvalitetssikring og utlegging av offentleg journal på eInnsyn
- Brukarstøtte og bistand til saksbehandlarar
- Ved behov bidra med opplæring innan fagområdet og sak- og arkivsystemet Elements
- Bidra til utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og tenester
- Delta i utviklings- og digitaliseringsarbeid innan fagområdet
- Andre drifts- og utviklingsorienterte oppgåver innan eininga sine ansvarsområde
- Oppgåvene vil kunne variere i takt med utviklinga av dokumentsenteret og organisasjonen, og vi ser etter ein medarbeidar som ønskjer å bidra breitt og ta del i utviklinga av fagområdet.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelornivå med relevant fag-/emnesamansetjing, gjerne innan arkiv, dokumentforvaltning, IT eller administrative fag. Relevant erfaring kan etter vurdering erstatte formalkravet til utdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- God digital kompetanse og systemforståing
- Det er ønskjeleg med kjennskap til sak- og arkivsystemet Elements
- Det er ønskjeleg med kjennskap til offentleg forvaltning og relevant regelverk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Kjenner deg igjen i verdiane open, kompetent og modig
- Har interesse for fagområdet og ei positiv haldning til utvikling, digitalisering og nye arbeidsmåtar
- Er omstillingsdyktig og trivst med ein arbeidskvardag i utvikling
- Har stor arbeidskapasitet, er løysingsorientert og evner å samarbeide for å oppnå felles mål
- Er fagleg nysgjerrig og ønskjer å dele kunnskap med kollegaer
- Arbeider strukturert og nøyaktig, og har auge for kvalitet
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og læring
- Ein variert arbeidskvardag i eit fagmiljø i utvikling
- Høve til å påverke og vidareutvikle arbeidsprosessar og tenester
- Samarbeid med dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø
- Løn etter avtale
- Stilingskode etter utdanning og etter VLFK sine retningslinjer
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid og moglegheiter for heimekontor
Kontorstaden ligg i Sogndal kommune, som er omfatta av den nye ordninga for sletting av kr. 25.000 av studielånet pr. år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Ferdigheter AI-generert
- Arkivarbeid
- Digitalisering
- Dokumentasjonsforvaltning
- Kvalitetssikring
- User support
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Arkiv og bibliotek, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Dokumentasjon, Saksbehandler
Nøkkelord
dokumentasjonsforvaltning
Spørsmål om stillingen
Elice B. G. Gandrudbakken
leiar for dokumentsenteret
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 476687271
- Sist endret:
- Org.nr.: 974783223Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


