Energimontør
- Søknadsfrist 16.10.2026
- Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
- Antall stillinger 3 stillinger
Energimontørar til Askvoll, Florø eller Bremanger
Vi er mange i Linja som har ansvar for å byggje og drive straumnettet, mellom fjordar og fjell frå Askvoll i sør til Ålesund i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her. Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi forsyner over 100 000 kundar med straum. Vi er 275 tilsette, inkludert 15 lærlingar.
Våre energimontørar har spennande arbeidsdagar, i dagleg drift og i beredskapssituasjonar. No styrker vi miljøet vårt med tre montørar, i Askvoll, Florø og Bremanger
Arbeidsoppgåver
Oppgåver knytt til dagleg drift, inspeksjonar, vedlikehald, fornying og kapasitetsauke i Linja sine nettanlegg, kabel/linje opp til 132 kV
Deltaking i Linja sin beredskap
Veilede og vere eit godt førebilete for våre lærlingar
Kompetanse
Fagbrev som energimontør, alternativt andre fagbrev innan elektro som kan føre til energimontør
Erfaring frå bygging, drift og vedlikehald av nettstasjonar og linje-/kabelanlegg
Førarkort klasse B er eit krav, det er også ønskeleg med klasse BE
Erfaring med bruk av digitale verktøy
Gode HMS-haldningar
Fleksibilitet, initiativ og samarbeidsevne er viktige eigenskapar
Vi kan tilby
Godt og sikkert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Konkurransedyktige vilkår
Jobb i eit spennande teknologiselskap
Ein jobb med meining!
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.
Ferdigheter
- Arbeid med høyspent og lavspent industri - og forsyningsanlegg
- Bygging av strømnett
- Elektrisk linjekonstruksjon
- Installasjon av kabler
- Linjearbeid
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er mange i Linja som har ansvar for å byggje og drive straumnettet, mellom fjordar og fjell frå Askvoll i sør til Ålesund i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her.
Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi forsyner over 100 000 kundar med straum, og vi er 275 tilsette, inkludert 15 lærlingar.
- Antall stillinger: 3
- Sted: Kyllervegen 6, 6906 Florø
- Flere arbeidssteder: 6980 Askvoll, Hornelsvegen 2471, 6719 Skatestraumen
- Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Energimontør
Videospiller
Nøkkelord
energimontør, elektro, fagbrev, nettstasjon
Spørsmål om stillingen
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 476543266
- Sist endret:
- Org.nr.: 912631532Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

