Industrirørleggar
- Søknadsfrist 25.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk, Engelsk
- Sektor Privat
Har du erfaring innan industrirørlegging og vil bli med på å skape morgendagens løysningar?
Ulstein Verft søker etter engasjerte kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar i eit spennande og inkluderande miljø. Arbeidsoppgåvene er varierte, og du vil bli ein del av eit fagleg dyktig arbeidsmiljø der du kan utvikle deg og skape resultat saman med oss.
Intervju vert gjennomført fortløpande.Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
- Forståing av isometriske teikningar og skjema
- Arbeid med Ermeto- og Isorør i ulike material
- Service og reparasjon av ventilar, rør og rørsystem
- Tilverking og montering av rørsystem om bord i skip
- Fokus på HMS
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som industrirørleggar eller relevant erfaring innan skipsbygging og maritim verksemd
- Gode språkkunnskapar i norsk og/eller engelsk
- Gode samarbeidsevner
- God arbeidskapasitet og "stå på vilje"
- Sjølvstendig og løysningsorientert
Om ein manglar fagbrev, kan det vere ei moglegheit til å ta fagbrev for den rette kandidaten.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass?
Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.Ferdigheter AI-generert
- Arbeid på kommunalt ledningsnett
- Bygging av skip og båter
- HMS kurs
- Installasjon / service på ventiler
- ISO tegninger
- Norsk
- Rørlegger- og ventilasjonsarbeid
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Hjelpearbeider, Produksjon, Rørlegger
Nøkkelord
Industrirørlegger, Rørlegger, Hjelpearbeider, Industri, Verft
Spørsmål om stillingen
Firmaets beliggenhet
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 476460737
- Sist endret:
- Org.nr.: 912447561Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)





