Arbeidsleiar Rigg
- Søknadsfrist 30.09.2026
- Arbeidsspråk Norsk, Engelsk
- Sektor Privat
Arbeidsleiar Rigg
Er du ein tydeleg leiar med teknisk innsikt og interesse for verftsdrift?
Vi ser etter deg som trivst med ansvar og som motiverast av å planleggje, koordinere og leie viktige aktivitetar innan nybygg, reparasjonar og dokkoperasjonar. Du tek initiativ, skapar struktur og bidreg til at prosjekt vert gjennomførte på ein trygg og effektiv måte.
Hos Ulstein blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der samarbeid på tvers av fagområde står sentralt. Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med spennande utfordringar, høgt tempo og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
Søknader vert vurderte fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og leiing av arbeid om bord i nybygg, på reparasjonsoppdrag og på anlegget
- Bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar
- Rapportering av framdrift i samsvar med planlagde aktivitetar
- Sørge for at anlegget til ei kvar tid vert halde i orden, og er ryddig
- Fokus på utøving av godt HMS-ansvar
- Ansvarleg for inn-/utdokking av skip
Kvalifikasjonar
- Erfaring eller kjennskap til riggarbeid på skipsverft vil vere ein fordel
- Leiarerfaring
- God teknisk forståing
- Gode datakunnskapar
- Må beherske norsk og engelsk godt - skriftleg og munnleg
Sjølv om du ikkje oppfyller alle kvalifikasjonane, oppmodar vi deg til å søkje.
Personlege eigenskapar
- Fagleg interessert
- Positiv, engasjert og med god arbeidsmoral
- Sjølvstendig med høge krav til eige arbeid
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Stabil med stor arbeidskapasitet
- Ryddig og strukturert
- Resultatorientert og initiativrik
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Ferdigheter AI-generert
- Dokkoperasjoner
- HMS kurs
- Personalkontroll
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Maritim og offshore, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Produktledelse, Stillasmontør
Nøkkelord
Arbeidsleder, Leder, Rigg, Stilasbygger, Ledelse
Firmaets beliggenhet
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474768263
- Sist endret:
- Org.nr.: 912447561Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)






