FINNJobbSøkVestlandAlver
Bilde fra arbeidsgiver
NGIR logo
NGIR
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Kunderettleiarar

Fast stilling ∙ Deltid ∙ Hundvin
  • Søknadsfrist 28.9.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig
  • Antall stillinger 2 stillinger

Kortversjonen

Kombinert kundeservice, administrative oppgaver og praktisk veiledning på kundesenteret og gjenvinningsstasjoner.

Kvalifikasjoner

  • Fullført videregående utdanning eller fagbrev
  • Erfaring fra kundeservice, administrasjon eller lignende arbeid er en fordel
  • Komfortabel med digitale verktøy
  • Truckførerbevis og hjullasterbevis er positivt, men ikke et krav

Hva vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgaver og mulighet for faglig utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Meningsfull jobb med et viktig samfunnsoppdrag
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Brenn du for miljøet og trivst med både folk og praktisk arbeid?

NGIR søkjer no to engasjerte kunderettleiarar til ei fast stilling i 80 prosent og eit vikariat i 80 prosent. Dette er ei spennande rolle for deg som likar å kombinere kundeservice, administrative oppgåver og praktisk arbeid i ein variert arbeidskvardag.

Som kunderettleiar blir du ein viktig del av møtet mellom NGIR og innbyggjarane i regionen. Du får arbeide både ved kundesenteret vårt og ute på gjenvinningsstasjonane, der du er med på å gi god service og bidra til at kundane våre enkelt kan ta gode miljøval.

Kva går jobben ut på?

Arbeidskvardagen din vil variere mellom kundebehandling og praktisk rettleiing.
På kundesenteret svarar du på spørsmål via telefon, e-post og personleg oppmøte, følgjer opp førespurnader og registrerer informasjon i digitale system.
Du bidreg til at kundar og kollegaer får god informasjon og oppfølging, og sørgjer for at dokumentasjon blir handtert på ein trygg og strukturert måte.

Ute på gjenvinningsstasjonane vil du hjelpe kundane med sortering og rettleiing, bidra til god orden og vere med på å skape ei positiv oppleving for dei som besøker anlegga våre. Gjennom arbeidet ditt er du med på å gjere gjenvinning enklare og meir tilgjengeleg for innbyggjarane.

Kven er du?

Vi ser etter deg som trivst i møte med menneske og som gjerne tek ansvar. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre. Du er serviceinnstilt, løysingsorientert og komfortabel med å bruke digitale verktøy i det daglege arbeidet.

Det er også viktig at du trivst med å kombinere kontorarbeid med praktiske oppgåver. Interesse for miljø, berekraft og gjenvinning er ein klar fordel, då du vil vere ein viktig ambassadør for NGIR og samfunnsoppdraget vårt.

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer at du har vidaregåande utdanning eller fagbrev, og erfaring frå kundeservice, administrasjon eller liknande arbeid vil vere ein fordel.
Truckførarbevis og hjullastarbevis er positivt, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Arbeidsstad

Arbeidskvardagen vil vere fordelt mellom NGIR sitt hovudkontor i Kjevikdalen og gjenvinningsstasjonane våre i regionen.

Du må derfor trivast med ein fleksibel og variert arbeidsdag.

Kvifor velje NGIR?

Hos oss får du ein meiningsfull jobb i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag.

Du blir del av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer som arbeider saman for ei grønare framtid.

Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver, moglegheit for fagleg utvikling og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Slik søkjer du

I søknaden ber vi deg opplyse om du ønskjer å bli vurdert for den faste stillinga, vikariatet eller begge stillingane.

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Ferdigheter

  • Avfallssortering
  • Dokumentasjonsforvaltning
  • Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev

Om arbeidsgiveren

NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. Selskapet tilbyr i tillegg avfallstenester til næringslivet i regionen. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune. NGIR har over 100 tilsette og omset for om lag 190 millionar kroner.

  • Antall stillinger: 2
  • Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
  • Bransje: Miljøtjenester
  • Stillingsfunksjon: Kundeservice

Videospiller

Nøkkelord

kundeservice, miljø, gjenvinning, kundebehandling

Spørsmål om stillingen

EF

Ebba Fjeldstad

Leiar for Kunderettleiing og Gjenvinningsstasjonar

48 89 61 48Kopier telefonnummer 48 89 61 48

Firmaets beliggenhet

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin

Kart
Søknadsfrist: 13 dager igjen

94 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 476386489
  • Sist endret: 14.9.2026, 12:45
  • Org.nr.: 856167402Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse