FINNJobbSøkVestlandBergen
Bilde fra arbeidsgiver
SpareBank 1 Sogn og Fjordane logo
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Kunderådgjevar personmarknad

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Bergen
  • Søknadsfrist 7.10.2026
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Rådgivning innen lån, sparing og forsikring, samt oppbygging og utvikling av egen kundeportefølje i Bergen.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høyere utdanning er en fordel
  • Ønskelig med autorisasjon som finansiell rådgiver
  • Erfaring fra bank, forsikring, eiendom eller rådgivning er en fordel
  • Må kunne fremlegge politiattest ved tilbud om stilling

Hva vi tilbyr

  • Mulighet til å bli medeier i banken
  • Gode ansattevilkår på lån, sparing og forsikring
  • Fleksibilitet i arbeidshverdagen
  • Gode muligheter for faglig og personlig utvikling
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vi skal bli større i Bergen. Vil du vere med?

Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har ambisjonar om å ta ein sterkare posisjon i Bergen, og har nyleg styrka satsinga vår gjennom oppkjøp av ei større eigedomsmeklarverksemd. Dette gir oss fleire kundemøter, fleire moglegheiter og eit breiare grunnlag for vekst.

No ser vi etter rådgjevarar som vil vere med på neste fase. Vi ser etter deg som skapar relasjonar, utviklar di eiga kundeportefølje og får resultat. Du blir motivert av å vinne kundar, byggje tillit over tid og sjå at eigen innsats gir konkrete resultat.

Vi har klare ambisjonar for Bergen. Målet er å få fleire kundar, styrke marknadsposisjonen vår og byggje eit endå sterkare rådgjevarmiljø.

For å lukkast treng vi tilsette som kombinerer kommersiell teft med evna til å skape gode kundeopplevingar. Hos oss får du jobbe med heile breidda av tenestene til banken innan lån, sparing og forsikring, samtidig som du dreg nytte av eit tett samarbeid med spesialistar og eit breitt fagmiljø.

Ønskjer du større påverknadskraft, kortare veg til avgjerder og høve til å vere med på å forme ei satsing i vekst, bør du søke på denne stillinga.

Dette skal du jobbe med

  • Bygge og utvikle di eiga kundeportefølje

  • Gi rådgiving innan lån, sparing og forsikring

  • Skape nye kunderelasjonar og vidareutvikle eksisterande kundeforhold

  • Bidra til vekst og utvikling i personmarknaden i Bergen

  • Samarbeide tett med kollegaer og fagområde for å skape gode kundeopplevingar

Kven ser vi etter?

Du bygger relasjonar og skapar tillit. Du er nysgjerrig på behova til kundane, ser moglegheiter og likar å finne gode løysingar.

Det er ein fordel om du jobbar som rådgjevar i bank i dag, eller ein anna jobb der forsikring, eigedom, rådgjeving, relasjonar og kundeutvikling står sentralt. Det viktigaste for oss er likevel at du har driv, kommersiell forståing og lyst til å vere med på å bygge noko.

Du blir motivert av å skape resultat, ta initiativ og utvikle relasjonar over tid. Du ønskjer også å bidra til eit miljø der ein deler kompetanse, utfordrar kvarandre og lukkast saman.

Relevant høgare utdanning er ein fordel. Autorisasjon som finansiell rådgivar er ønskjeleg, men ikkje eit krav.

Kvifor velje oss?

Det finst mange rådgjevarjobbar i Bergen. Dette er eit høve til å vere med på ei satsing.

Du blir ein del av eit etablert team med ambisjonar om vidare vekst. Du får påverke korleis vi utviklar satsinga på personmarknaden i Bergen og omland i åra som kjem.

Hos oss får du korte avgjerdsvegar, stor grad av tillit og høve til å ta ansvar. Vi trur dei beste resultata blir skapt når flinke folk får handlingsrom til å utvikle seg.

Som fast tilsett blir du òg medeigar i banken. Du får gode vilkår for tilsette på lån, sparing og forsikring, fleksibilitet i arbeidskvardagen og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

Høyrest dette interessant ut? Ta ein uforpliktande prat med banksjef Torunn Steimler. Vi fortel gjerne meir om ambisjonane våre i Bergen og moglegheitene som ligg framfor oss.

Søknadsfrist: 7. oktober

Vi går gjennom søknadene fortløpande, så ikkje vent med å søke!

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for å verifisere opplysningar som kjem fram i CV-en og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om og har samtykt til dette.
Søkaren som får tilbod om stillinga, må legge fram politiattest.

Ferdigheter
AI-generert

  • Økonomisk evne
  • Rådgivende salg

  • Sted: Chr. Michelsens Gate 4, 5012 Bergen
  • Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Konsulent, Løsningssalg, Rådgivning

Nøkkelord

Rådgivning, Økonomi, Bank, Sparing, Lån

Spørsmål om stillingen

TS

Torunn Steimler

Banksjef

98 82 85 36Kopier telefonnummer 98 82 85 36

Firmaets beliggenhet

Chr. Michelsens Gate 4, 5012 Bergen

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen

135 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
SpareBank 1 Sogn og Fjordane logo

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
  • Bli kjent med nokre av oss
  • Om banken
Kvifor jobbe hos oss?

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 476023250
  • Sist endret: 10.9.2026, 07:52
  • Org.nr.: 946670081Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse