Bildegalleri
iGulu S1 – smart ølbryggemaskin for heimen
Til salgs
4 000 kr
Beskrivelse av varen
Selger iGulu S1 – ei smart bryggemaskin som gjer heimebrygging omtrent like enkelt som å bruke ein kaffimaskin.
Maskina tar seg av heile prosessen sjølv: gjæring, kjøling og tapping er integrert i éi eining. Du kan lage alt frå craftøl til kombucha, mjød, eplesider og kvitvin. Med RFID-kortet som følgjer med ingredienspakkane, eller eit av dei innebygde bryggeprogramma, startar du heile prosessen med eitt trykk.
Automatisk temperatur- og trykkstyring gjennom heile gjæringa
App med live-oppdatering og moglegheit for eigne oppskrifter
Innebygd kjøling – ølet står ferdig kaldt og klart til tapping
Innebygd luftpumpe, så du kan tappe utan CO₂-flaske
Tappekran rett på maskina
Automatisk trykkavlasting som tryggleiksfunksjon
Dette følgjer med:
iGulu S1 bryggemaskin (1 stk)
CO₂-sylinderadapter (1 stk)
Equal Pressure Filling Kit – utstyr for å tappe på flaske utan å miste kolsyre (1 stk)
iGulu ingredienssett / bryggesett (3 stk)
Fermenteringsfat, 1 gallon (ca. 3,8 l) (1 stk)
Tappeslangar (2 stk)
Tappehandtak (1 stk)
Straumadapter (1 stk)
Bruksanvisning til iGulu S1 (1 stk)
Merk: CO₂-flaske følgjer ikkje med (den er ikkje med frå produsenten heller), men adapteren gjer at du kan kople til ein vanleg SodaStream-sylinder. Alternativt kan du tappe med den innebygde luftpumpa.
Selgast fordi den ikkje blir brukt og tar opp plass.
Tilstand: Som ny, kun brygget en batch.
Nypris: ca. 5500,- for maskina åleine, i tillegg kjem tilbehøret
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 5.9.2026 kl. 11:19 ・ FINN-kode: 475552250



