On-site teknikar
- Søknadsfrist 25.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
On-site teknikar
Seksjon Lokalstøtte nord har ansvar for drift, forvalting og brukarstøtte for sluttbrukarutstyr i Helse Førde og Helse Bergen. Dette omfattar utstyr som vert nytta i det daglege, mellom anna PC-ar, skjermar, tastatur, mus, skrivarar, skannarar, strekkodelesarar og mykje anna.
Saman med Seksjon Lokalstøtte sør utgjer seksjonen den samla lokalstøttefunksjonen i Helse Vest IKT. Totalt er 32 teknikarar fordelte mellom Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er å sikre at tilsette i sjukehusa på Vestlandet har velfungerande, stabile og trygge IKT-verktøy i arbeidskvardagen.
Vi søkjer no etter ein teknikar til Seksjon Lokalstøtte nord med arbeidsstad i Førde.
Arbeidsoppgåver
- Drift, vedlikehald og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, nettbrett, betalingsterminalar, sjølvbeteningsautomatar m.m. Ansvarsområdet vil etter kvart også omfatte mobiltelefonar.
- Følgje opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
- På staden kundeoppfølging.
- Varelogistikk.
- Deltaking i prosjekt.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr.
- Kunnskap og erfaring med feilsøking på Windows-operativsystem.
- Erfaring med kundebehandling.
- Erfaring frå stordriftsmiljø er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Fagbrev innan IT-driftsfaget, dataelektronikerfaget eller anna relevant IKT-fag er ønskjeleg. Relevant og dokumentert erfaring kan kompensere for manglande fagbrev.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst.
- er serviceinnstilt og klar til å hjelpe brukarane på sjukehusa.
- jobbar godt i team, men også sjølvstendig.
- er positiv og initiativrik.
- er open og svolten på ny kunnskap og teknologi.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- Datamaskinutstyr
- Feilsøking og reparasjon av elektronisk utstyr
- Logistikk
- Montere teknisk utstyr
- Norsk
- Reparere IKT-enheter
- Vedlikeholde datamaskinvare
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
Spørsmål om stillingen
Elin Landro Tøsdal
Seksjonsleiar (Konstituert)
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 478240258
- Sist endret:
- Org.nr.: 987601787Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

