Bildegalleri
Nydelege cockapoo-valpar.
Til salgs
35 000 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 4 uker
Ein hannhund og fire tisper vart fødde 16. juli. Alle er nokså einsfarga.
Du får med eit lite teppe med lukt av mor, og ein liten valpepakke med mat valpen er van med. Det følger også med veterinærattest og helsebok. Valpen er ID-chippa, og får ormekur etter tilrådd plan, etter 2, 4, 6 og 8 veker. Han har også fått fyrste vaksine.
Valpane vil vere klare til levering frå 10. september, då er dei 8 veker gamle. Valpane veks opp i stova i lag med oss, og blir godt vande til kvardagslydar og barn.
Om foreldra
Mor Luna er F1b cockapoo, og veg 7 kilo. Ho er snill, generelt glad, glad i menneske, lettlært, leiken og litt sjef. Ho har krøllete, gylden raud pels som ikkje røyter.
Far Melvin er F1 cockapoo, og veg 9 kilo. Han har aprikosfarga, bølgete pels som ikkje røyter, den er lett å halde. Melvin er aktiv og sunn og har mildt og trygt gemytt.
Begge foreldra er HD/AD undersøkt, øyelyst og patellaundersøkt utan merknad + er registrert i NKK's Nox register for blandingshundar.
Cockapoo er kjende for å vere intelligente og villige til å lære. Dei er aktive familiehundar, glade i tur og kos. Pelsen krev regelmessig stell og børsting.
Korleis får valpen det hjå deg?
Me vil at valpen skal få det best mogleg. Derfor vil me gjerne vite litt om deg som kjøpar, og om korleis valpen vil få det. Send oss nokre ord. Deretter bestemmer me om du kan få kjøpe ein valp.
Kjøp
Du bekreftar kjøp med å skrive under kontrakt og betale depositum 5 000 kr. Du får ikkje dei pengane tilbake om du trekk deg frå avtalen.
Høyrer me frå deg?
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 16.8.2026 kl. 17:02 ・ FINN-kode: 473285678

