Bildegalleri
Cockapoo kvalpar
Til salgs
35 000 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 2 uker
Dei tre musketerer søker ny heim: to hanner og ei tispe.
Oppvekst og sosialisering
Kvalpane veks opp midt i stova vår og blir ein naturleg del av kvardagen frå første stund. Dei får godt stell av mora, og mykje kos frå oss i familien. Me legg stor vekt på at kvalpane skal få ein trygg og god start på livet🐾
Foreldra
Mammahunden Eira er ei roleg, trygg og sosial cockapoo-tispe (F1)som lærer raskt og er flink til å følgje kommandoar. Ho går lett på lange fjellturar, men kan òg nøye seg med kortare turar i nærmiljøet. Ho er leiken, kosete, og svært hengiven til familien sin. Eira har hatt eitt kull tidlegare og er ei omsorgsfull og trygg mor 💕
Pappahunden Kopernikus, til dagleg kalla Kopi, er ein trygg, hengiven og sosial brun dvergpuddel med eit vennleg og leikent gemytt. Han er aktiv og glad i både andre hundar, barn og familien sin. Han elskar turar, leik og kos, og er ein sjarmerande og allsidig familiehund 🐾
Begge foreldra er sunne og friske hundar og er følgt opp med årlege helsekontrollar og vaksinasjon.
Ein trygg start og gode heimar
Me er ein familie som blir svært knytte til desse nydelege kvalpane, og me er derfor opptekne av at kvar enkelt kvalp skal få ein trygg og god heim der han eller ho får tid, omsorg og mykje kjærleik.
Dersom du er interessert i ein av kvalpane, send oss gjerne ei melding og fortel litt om deg/dykk, kvifor de ønskjer hund, og kva de kan tilby ein kvalp. Me ønskjer å bli litt kjent med dei som vurderer å gi ein av kvalpane våre eit nytt heim 🐾
Ved levering
Kvalpane kan tidlegast leverast når dei er 8 veker gamle, frå 25. september. Ved levering vil kvalpen ha:
- Veterinærkontroll med helseattest
- ID-merking med mikrochip
- Første vaksine
- Ormekur etter anbefalt program
- Teppe med lukt frå mor og søsken
- Bamse/leike
- Fôrpakke med fôret kvalpen er vand med – ein del av valpepakken frå Musti
Kvalpane blir selde med NKK sin kjøpsavtale.
Reservasjon
Kvalp kan reserverast mot eit depositum på 5 000 kr, som blir trekt frå kjøpesummen ved overtaking.
Reservasjonen er bindande når depositumet er innbetalt. Dersom kjøpar trekkjer seg etter stadfesta reservasjon, blir depositumet ikkje refundert.
Skulle kvalpen mot formodning ikkje kunne leverast frå vår side, blir innbetalt depositum sjølvsagt refundert.
Ta kontakt om du har spørsmål😊
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 12.8.2026 kl. 12:25 ・ FINN-kode: 473022562

