Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Sola
Bilde fra arbeidsgiver

Miljøterapeut våken natt 74,46%

Bufetat

  • Søknadsfrist 15.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vi søkjer deg som ønskjer å skape tryggleik, ro og omsorg for barn og ungdom i sårbare livssituasjonar.

Vi søkjer deg som ønskjer å skape tryggleik, ro og omsorg for barn og ungdom i sårbare livssituasjonar. Bli med i vårt inkluderande og fagleg sterke team

Ved Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg er det ledig fast stilling som vaken nattevakt i 74,46 % stilling. Oppstart snarast. Avdelinga har for tida nattevaktturnus med vakter inntil 10 timer og arbeid kvar tredje helg. Bemanningsnorm er 2 vakne. 

Arbeidsoppgåver

  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Delta på/ ansvar for inntak, overlapping, praktiske oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga, forberede frukost og følgje opp kvelds- og morgonrutinar.
  • Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel mens dei bur hjå oss.
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Skriftleg dokumentasjon og bistand med rapportskriving. 
  • Ansvarsvakt.
  • Praktiske oppgåver knytt til drift av institusjonsavdeling

Kva bakgrunn har du?

Må-krav: 

Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng. Det kan vurderas anna treårig relevant høyskole-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innafor relevante fagområde. 

Søkjarar utan høgskuleutdanning, med relevant praksis og/eller fagbrev som barne - og ungdomsarbeider, kan og søkje.

Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2). 

Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid på norsk.

God fysisk og psykisk helse.

Ha førarkort (minimum) klasse B. 

Bør-krav: 

Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg. 

Relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein miljøterapeut som møter ungdom med respekt, varme og tydelegheit. Du har eit sterkt engasjement for ungdom og evnar å byggje trygge relasjonar. Du står stødig i krevjande situasjonar og klarer å bevare ro, fagleg fokus og omsorg når det trengst som mest. 

Vi ser etter deg som er: 

Fleksibel, løysingsorientert 

Fagleg engasjert, og med gode samarbeidsevner. 

Du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. 

Du er god på kommunikasjon, er strukturert og bidreg aktivt til refleksjon, utvikling og eit positivt arbeidsmiljø. 

Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt

Kva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 640 000 pr. år.  

Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 - 690 000 pr. år. 

Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat. 

For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 -530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 - 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 - 560 000.

Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 

Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Røyneberg
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd.  Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde? 

Søknad med CV skal sendas elektronisk via lenkje på denne sida. 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teken i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Ber og om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

Ferdigheter
AI-generert

  • B2 norsk språkprøve
  • Dokumentasjonsverktøy

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Marknesringen 48-50, 4052 Røyneberg
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
Bufetat logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Nina Skåra
  • Stillingstittel: Avdelingsleiar
  • Mobil: 46 61 76 26
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Kine Norland Wedø
  • Stillingstittel: Fagkoordinator
  • Mobil: 46 61 90 29
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
  • Flere stillinger fra BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

5359 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten) logo

BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Vil du jobbe hos oss?
  • Følg oss på Facebook
  • Følg oss på LinkedIn
Besøk hjemmesiden vår.

Firmaets beliggenhet

Marknesringen 48-50, 4052 Røyneberg

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 470682402
  • Sist endret 24.7.2026, 12:16
Rapporter annonse