Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Sola
Bilde fra arbeidsgiver

Miljøterapeut helg 21%

Bufetat

  • Søknadsfrist 08.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg søkjer nye miljøteraputar. Bli med i det inkluderande teamet vårt !

Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom

Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg, søkjer to miljøterapeutar til faste deltidsstillingar på 21 %. Stillingane omfattar for tida arbeid kvar tredje helg og består av ei langvakt og ei kveldsvakt per helg. Begge stillingane er ledige frå 15.08.26

Arbeidsoppgåver

  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar. 
  • Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel medan dei bur hos oss. 
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom. 
  • Ansvarsvakt. 
  • Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.

Kva bakgrunn har du?

Må-krav:

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng. 
  • Det kan vurderas anna treårig relevant høyskole-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innafor relevante fagområde. 
  • Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2). 
  • Ha førarkort (minimum) klasse B.

Bør-krav:

  • Kompetanse på å gjøre faglige vurderinger, tilpasse ungdommenes tiltak og dokumentere disse skriftlig.
  • Relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein miljøterapeut som møter ungdom med respekt, varme og tydelegheit. 

Du har eit sterkt engasjement for ungdom og evnar å byggje trygge relasjonar. 

Du står stødig i krevjande situasjonar og klarer å bevare ro, fagleg fokus og omsorg når det trengst som mest.

Vi ser etter deg som er:

  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Fagleg engasjert
  • Har gode samarbeidsevner og evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. 
  • Du er god på kommunikasjon, er strukturert og bidreg aktivt til refleksjon, utvikling og eit positivt arbeidsmiljø. 

Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt.

Kva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 640 000 pr. år. 

Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 - 690 000 pr. år. 

Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat. 

Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 

Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde? 

Søknad med CV skal sendas elektronisk via lenkje på denne sida.

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teken i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ber og om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

Ferdigheter
AI-generert

  • B2 norsk språkprøve
  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

 

  • Sektor: Offentlig
  • Antall stillinger: 2
  • Sted: Marknesringen 48, 4052 Røyneberg
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
Bufetat logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Nina Skåra
  • Stillingstittel: Avdelingsleiar
  • Mobil: 46 61 76 26
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
  • Flere stillinger fra BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

5359 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten) logo

BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Vil du jobbe hos oss?
  • Følg oss på Facebook
  • Følg oss på LinkedIn
Besøk hjemmesiden vår.

Firmaets beliggenhet

Marknesringen 48, 4052 Røyneberg

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 470681007
  • Sist endret 24.7.2026, 12:03
Rapporter annonse