Helsefagarbeidar i Røyrvika omsorgsbustadar og helgestillingar
Time kommune
- Søknadsfrist 17.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidar
På jakt etter ein jobb med varierte arbeidsoppgåver og meiningsfulle dagar?
Røyrvika omsorgsbustadar ligg sentralt på Bryne, med kort veg til både sentrum og buss- og togstasjon. Me tilbyr bustad og oppfølging til 22 bebuarar med ulike ressursar, behov og livssituasjonar. Fleire har samansette helsebehov og mange fagområde bidreg for å sikra gode helse- og omsorgstenester.
Røyrvika er ein del av eininga Psykisk helse og rusarbeid, og me arbeider for å skapa trygge og gode rammer der den enkelte bebuar kan oppleva meistring, utvikling og livskvalitet. Her møter du menneske med samansette behov, noko som gir både faglege utfordringar og moglegheiter for læring og utvikling.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får moglegheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du blir ein del av eit tverrfagleg og engasjert fagmiljø med om lag 60 tilsette fordelt på 30 årsverk. Me legg stor vekt på samarbeid, fagutvikling og brukarmedverknad, og me arbeider kontinuerleg for å utvikla tenestene våre. Samstundes er me opptekne av å ta vare på kvarandre og skapa eit arbeidsmiljø, prega av openheit, støtte og godt humør.
Avdelinga har årsturnus, og frå januar 2027 vil du få moglegheit til å påverka eigen turnus gjennom turnusplanlegginga.
Me har ledig fleire stillingar :
100% fast, 1 stilling som helsefagarbeidar.
100 % vikariat, 2 stillingar som helsefagarbeidar. Vikariat i eitt år, med moglegheit for forlenging.
Helgestillingar (ca. 13-20%), 3 faste stillingar, herav ei 1 nattstilling og 2 dag/kveld stillingar. Nokre av helgene er kvar 3. helg og andre kvar 4. med langvakter
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsorgtenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- Yta nødvendig helsehjelp, miljøarbeid og praktiske oppgåver
- Skapa tryggheit og gode relasjonar
- Primær/sekundæransvar
- Sikra eit godt samarbeid med andre samarbeidsparter
- Legemiddelhandtering
- Sjå behov for utvikling og endring hos brukarane
- Fagleg rettleiing av tilsette, lærlingar og elevar
- Bidra til fagleg kompetanseheving og utvikling av tenesta
- Dokumentasjon etter lovverk og interne rutinar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skftleg (minimun tilsvarande nivå B2)
- Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Er fleksibel og ansvarsbevisst
- Gode datakunnskapar. Dokumentasjon er ein viktig del av arbeidet, og me nyttar Profil som journalsystem
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og /eller karakterutskrift kan du henta på Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja generell og/eller yrkesgodkjenning fra Direktoratet for høgarer utdanning og kompetanse (HKdir)
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og framstå klar og tydeleg
- Du tar medansvar for eiga utvikling og tileignar deg ny kunnskap og er engasjert for faget.
- Er ansvarsbevisst og fleksibel, like utfordringar og er løysingsorientert
- Du tar initiativ
- Gode samarbeidsevner, både internt, i arbeidsmiljø og eksternt
- Evne til å arbeida sjølvstendig og i team
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen utviklar seg
Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt. Me legg særleg vekt på evna til å samarbeida godt med ulike faggrupper til beste for bebuarane.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar (KLP)
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Ferdigheter AI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Lage vaktlister
- Profil Elektronisk journalføring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Røyrvika 3a, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helsefagarbeider, omsorgsarbeider, hjelpepleier, helgestilling, helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 470590283
- Sist endret



