Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Hareid

Baderomsdesigner /Interiørkonsulent

Hareid Rør & Interiør AS

  • Søknadsfrist Snarest
  • Ansettelsesform Fast

Bedriften er i vekst og vi søker etter baderomsdesigner /Interiørkonsulent

Om oss

Hjå oss i Hareid Rør & Interiør AS sel vi ikkje berre fliser, maling og baderomsinnreiing – vi sel draumar. Vi hjelper kundane våre med å forvandle badet frå eit praktisk rom til ei personleg oase, skreddarsydd etter deira ønskje og behov.

Vi er ei lokal og solid bedrift med 10 engasjerte medarbeidarar, og har vårt tilhald midt i Hareid sentrum. Som ein viktig del av lokalsamfunnet er vi stolte av å levere kvalitet, fagkunnskap og gode kundeopplevingar – frå idé og planlegging til ferdig resultat.

Kulturen vår er bygd på verdiane påliteleg, handlekraftig, effektiv og lagspelar. Det betyr at vi held det vi lovar, tek ansvar, finn løysingar og samarbeider tett for å skape dei beste resultata for kundane våre. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og samansveisa team som brenn for å hjelpe kundar med å realisere draumebadet sitt.

Din rolle

No leitar vi etter ein engasjert og kreativ baderomsdesigner/interiørkonsulent som vil bli ansiktet utad i butikken vår og hjelpe kundane heile vegen frå idé til ferdig prosjekt.

Du vil spele ei viktig rolle i å skape inspirerande og funksjonelle baderomsløysingar, samtidig som du gir kundane trygg og profesjonell rettleiing gjennom heile prosessen.

Arbeidsoppgåve

  • Kundekontakt, rådgiving og behovsavklaring

  • Teikning og design av baderom i Spark Vision

  • Utarbeiding av pristilbod og materialval

  • Oppfølging av kundar gjennom heile prosessen, frå idé til ferdigstilling

  • Samarbeid med rørleggarar, flisleggjarar og andre handverkarar

  • Planlegging av aktivitetar i butikk og på sosiale medium

  • Sørgje for at butikk og utstillingar til ei kvar tid framstår innbydande, presentable og ryddige

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan interiørdesign, eller relevant erfaring frå baderoms- eller interiørbransjen

  • Gode IT-kunnskapar og erfaring med teikneprogram

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg

  • Erfaring med sal og kundeservice

  • Engasjert og genuint oppteken av kunden sitt prosjekt

  • Sjølvstendig, lærevillig og fleksibel

Vi tilbyr

  • Utfordrende og spennende arbeidsoppgåver med kunden i sentrum

  • Ein sjølvstendig kvardag med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling

  • Moglegheita til å arbeide med design, kreative løysingar og funksjonelle baderomskonsept

  • Eit godt arbeidsmiljø i ein spennande og framtidsretta bransje

  • Opplæring og oppfølging både internt og gjennom Bademiljø- og Fargerike-kjeda sine leverandørar

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

Vi søkjer ein person som evnar å setje både kunden og faget i fokus, og som kommuniserer på ein trygg, tydeleg og positiv måte. Du trivst med å byggje relasjonar, finn gode løysingar og ønskjer å skape dei beste kundeopplevingane.

For ytterlegare informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med oss.

Vi ser fram til å motta søknaden din med CV så snart som mogleg. I søknaden ønskjer vi at du fortel litt om deg sjølv og kva som gjer deg til vår Baderomsdesigner/Interiørkonsulent.

Søknad med CV sendast til: anne.karin@bademiljo.no

Velkomen som søkjar hos Hareid Rør & Interiør AS

Ferdigheter

  • Bruke teknisk tegneprogramvare
  • Designe bad
  • Interiørarkitektur
  • IT-kompetanse
  • Norsk
  • Skrive tilbud
  • Sektor: Privat
  • Sted: Strandgata 121, 6060 Hareid
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Butikk og varehandel, Håndverkstjenester
  • Stillingsfunksjon: Interiør, Interiørarkitekt
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

baderomsdesigner, interiørkonsulent, kundebehandling, salg, tilbud

Hareid Rør & Interiør AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Anne Karin Ulstein Holstad
  • Stillingstittel: Butikkleiar
  • Mobil: 47 65 90 94
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Hareid Rør & Interiør AS

Bli den første til å følge dette firmaet!

Firmaets beliggenhet

Strandgata 121, 6060 Hareid

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469362954
  • Sist endret 11.7.2026, 12:18
Rapporter annonse